Vurderer fusjon med Tysnes Sparebank
Etne Sparebank har inngått intensjonsavtale med Tysnes Sparebank om samanslåing.
@Render("M24_Byline",Caption:"Pressemelding")
Dei to bankane er omlag jamnstore og driv begge som lokalbankar i kvar sine marknadsområde i Sunnhordland.
- Det er to likeverdige bankar som vurderer å slå seg saman, og ei samanslåing vil etter vår vurdering vera den beste løysinga for våre kundar, tilsette, og lokalsamfunn, seier banksjef i Etne Sparebank, Rune Ramsvik i ei pressemelding.
Ved ei samanslåing vil Rune Ramsvik bli administrerande banksjef i den samanslåtte banken. Administrerande banksjef i Tysnes Sparebank Dag Sandstå vil innstillast som styreleiar i den samanslåtte banken. Banken vil samla ha omlag 12 000 kundar fordelt over fem kontor i Etne, Våge på Tysnes, Stord, Husnes, Rosendal, Halsnøy og møteplassar på Laguneparken i Bergen.
- Me vil med dette styrke vår posisjon og den nye banken får heile Sunnhordland som sitt nye marknadsområde, seier Ramsvik.
Det vil fram mot ekstraordinær generalforsamling i mai 2021 bli arbeidd vidare med mål om å få på plass ein endeleg fusjonsavtale mellom bankane. Det vert då lagt opp til at bankane sine generalforsamlingar endeleg handsamar ei samanslåing i løpet av mai 2021 med påfølgjande søknad om godkjenning frå myndigheitene. Ei samanslåing vil etter foreløpig tidsplan gjennomførast i løpet andre halvår 2022.
- Den samanslåtte banken vil vera ein eigenkapitalbevis-bank og dermed vil det bli mulig å bli medeigar i denne banken, noko me håpar vil skape ein ny type engasjement i vårt område,
seier Ramsvik.