Sommarvikaren

– Erfaringar høgst relevant for studiet mitt

Jakob Rafdal Lauritsen skal i sommar bruke store delar av tida si i oppvandringsfella i Etneelva. Her får han god og relevant kunnskap han kan ta med seg som biologistudent. Les meir om Jakob sine tankar om jobben i elva og hans draumedestinasjon.

Sommarvikaren

  • Namn: Jakob Rafdal Lauritsen
  • Alder: 21 år
  • Arbeidsstad: Oppvandringsfella i Etneelva
  • Studerer: Biologi ved Universitetet i Bergen

Kvifor tenker du ein sommarjobb er viktig? 

– Eg tenker ein sommarjobb er viktig for då får ein noko å gjere på i ferien. Eit anna stort pluss er at ein blir kjend med nye folk der ein jobbar, og så er det ein god moglegheit til å tileigne seg ny kunnskap, noko som alltid er kjekt! I tillegg er det jo fint med litt inntekt. Det kjem godt med når ein er student.

Kvifor ville du jobbe her? 

– Det å jobbe i fella er veldig relevant for studiet mitt innan biologi. Eg vurderer å vidareutdanne meg innan fisk, så kunnskapen eg får her i fella kan komme godt med. Det er og fint å jobbe ein plass der ein er masse ute i naturen. 

Kva ville du sagt til nokon som vurderte same feriejobb? 

– Det er ein flott jobb med hyggelege kollegaer, som ein lærer mykje av. Korleis arbeidsdagane ser ut kan variere veldig, noko som gjer at kvardagen ikkje blir så eindimensjonal. I tillegg er det at ein får vere så mykje ute eit stort pluss! 

Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått? 

– Japan er ein plass eg verkeleg kunne tenkt meg å reisa til. Landet har ein veldig interessant kultur og mykje nydeleg natur. Arkitekturen der er og veldig stilig. Eg kunne gjerne tenkt meg å få opplevd det landet og alt det har å by på ein dag! 

Kva er dine planar for sommaren? 

– Sommaren kjem til å gå mykje til jobbing i fella, men eg får og besøk av nokre studievenner frå Bergen. Det blir bra!

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details