– Me er ikkje betre enn totalen

Kulturbyggjar i AutoStore, Merete Vårvik Matre (43), vil ikkje stå i vegen for dei gode ideane. – Du kan ikkje copy-pasta deg til utvikling, seier ho.

– Mange vil jobba her på grunn av teknologien, for meg er det folka, seier VP People & Community i AutoStore, Merete Vårvik Matre. Foto: Hanna Maria van Zijp/Omega 365 Design

Nokon av dei som kjem til AutoStore sitt hovudkvarter ved Åmsosen i Nedre Vats, blir forundra. Ein journalist busett på Manhattan braut ut:

They even have robots to cut their lawn! 

VP People & Communy Merete Vårvik Matre skrattler når ho fortel historia om USA-besøket som såg ein robotklippar for første gong. Eit godt stykke frå skyskraparar, omgitt av hus og hagar, sit Merete på eit møterom. I open sone hjå AutoStore, altså der eksterne får gå, snakkar ho om korleis selskapet byggjer kultur. 

 

Sidan AutoStore gjekk på børs i 2022, er det mykje autolås på dørene. Men på innsida er stemninga nedpå, slik dei vil ha det. Og når du er inne, så er du inne – for i selskapet blir det jobba målretta med trivsel og topp stemning. 

– Mange vil jobba her på grunn av teknologien, for meg er det folka, seier Merete. 

Einaste Merete stussar litt på under samtalen med Medvind24, er at ho har begynt å seia employer branding og purpose statement utan å finna dei norske orda. Å ha engelsk som arbeidsspråk er naudsynt i den globale robotlager-bedrifta, som nådde 1100 tilsette i 2024. Den eksplosive veksten framstår like uforståeleg kvart år for austlandsmedium som sjeldan drar lenger vest enn Asker. 


Merete Vårvik Matre står ved premiehylla i AutoStore. Counterstrike-pokalen er ein av dei viktigaste, ifølgje Merete, sidan den er resultat av initiativ frå tilsette. – Det kjem så mange gode forslag, og då handlar det om å ikkje stå i vegen, seier ho. Foto: Hanna Maria van Zijp/Omega 365 Design

 Som leiar for folk og kulturbygging i AutoStore, har Merete ansvar for intern marknadsføring. Ho jobbar med verdiar, tilsettprogram og -gode, internkommunikasjon, HR-system, mangfaldsstrategi og mykje, mykje meir. 

– Summen av det, er det som blir kulturen vår – altså kva me seier me skal gjera og korleis me gjer det, fortel Merete. 

Ho var den andre personen på HR då ho byrja i januar 2021. 

– Det var éin dag på jobb, og så rett heim, ler Merete. 

Covid la føringar for heimekontor. Den første tida i den nye rolla gjekk med til å grava i arkiv, finna ut kva som hadde blitt gjort før, kva ein har sagt ein skulle gjera. Heimefrå ho tok virtuelle kaffiar med folk for å høyra erfaringane deira. Så var det å finna ut om ein hadde gjort nettopp det, gå gjennom alt frå tilsettgode og strukturering av allmøte til kommunikasjonskanalar på intranettet. 

 

Struktur og system måtte på plass for ein organisasjon som voks raskt globalt. 

– Me klarer ikkje å jobba mot ein global organisasjon utan at me har ein grunnmur og det strukturelle på plass, seier Merete. 

Oppå grunnmuren kjem mykje snask, som nettbutikken der folk bestiller julegåver sjølv, arbeid med føremålserklæring, og implementering av AutoStore sine verdiar. 

Etter børsnoteringa for eit par år sidan, har dei nemleg fått god bruk for kjerneverdiane bold, transparent og lean. Dei adjektiva er så godt innarbeidde i alle som jobbar der, at ein ifølgje Merete «kan vekkja kven som helst i AutoStore midt på natta, og spørja kva verdiane våre er – og så veit dei det». 

 

Dei siste par åra har selskapet måtta omdefinera det som skal vera transparent. Børsnoterte selskap blir jo automatisk både meir lukka og meir opne, og for ei bedrift i ein nokså nedpå region, gjeld det å finna balansen. Finansavisen har blitt meir på. Nyleg rapporterte dei om at AutoStore har falt over 50 prosent på børsen i år, og at kursmålet har gått ned frå 28 til 16 kroner. 

44 tilsette eig aksjar for over éin million kroner, og mange har vore del av eit attraktivt opsjonsprogram. Med interne aksjonærar kjem også ulike kultur-utfordringar. 

– Då er det endå viktigare å ha fokus på kvifor me er her. Me kan ikkje påverka verdsøkonomien, med inflasjon og kronekurs, men me må jobba med det me kan, seier Merete. 


AutoStore har eigen nettbutikk der tilsette kjøper julegåve sjølv. Tilsettgode er ein av fleire ting som byggjer kultur: – Summen er det som blir kulturen vår – altså kva me seier me skal gjera og korleis me gjer det, fortel Merete Vårvik Matre. Foto: Hanna Maria van Zijp/Omega 365 Design

 Kulturbyggjaren er medviten om dobbeltrolla som både aksjonær og tilsett.   

– Me skal ha eit balansert forhold til aksjeverdien, mange av dei som jobbar her har aksjar, og vil føla det på kroppen. Kan vera krevjande, det skal me ha respekt for,

seier Merete. 

– Korleis er internkommunikasjonen då? 

– I andre land er det ikkje like vanleg å vera open med dei tilsette. Me har absolutt fokus på dette internt, og eg er opptatt av at me må seia så mykje me kan. Folk treng informasjon, seier ho. 

Under presentasjon av kvar kvartalsrapport, har AutoStore allmøte med konsernsjef Mats Hovland Vikse og økonomisjef Paul Harrison, som set av tid til å møta dei tilsette. 

– Dei svarer alltid ærleg og nedpå, seier Merete. 

 

Det er den kulturen Merete ønskjer å byggja vidare framover. Det skal vera upretensiøst og ekte. Som «kjempedårleg på detaljstyring» og ei som lever etter den gyldne regelen, vil Matre at eigen leiarstil skal matcha kulturen ho vil ha i AutoStore. Her finst eit større «me» enn «eg». Det er lett å få hjelp, sidan folk har litt blikket utover akkurat sin arbeidsdag og sitt felt. 

– 60-70 prosent av dei tilsette har vore her mindre enn tre år, og folk har ei haldning om at me skal gjera dette ilag, seier Merete. 

Matre vil skapa Autostore-ambassadørar som framsnakkar selskapet, ved å kopla forskjellige folk, sørgja for at tilsette får vist seg fram – og heia på gode forslag. Det kan vera dei som ville sykla frå Oslo til Haugesund, og fekk AutoStore-logoen på ryggen, eller andre ting som kan vera relevant for fag eller fritid. 

– Det kjem så mange gode forslag, og då handlar det om å ikkje stå i vegen. Då må me spørja kva me kan gjera for at dette blir enklast mogleg, seier Merete. 

 

Når Merete kjem inn på tema som mangfald og likestilling, gløder ho endå litt meir. Autostore er aktive rundt Pride-månaden i juni, og med på ulike arenaer. Kvinnedagen blir markert ved å løfta likestillingstema. I Polen, der skeive blir utsette for hets, vald og diskriminerande lover, kan AutoStore gjera ein verkeleg forskjell, fortel Merete. Huseigar ville ikkje ha Pride-flagget til AutoStore, og tillot berre selskapslogo. Då fekk AutoStore trykt opp flagg med regnbogefarga logo. Responsen frå tilsette er at dei kan vera seg sjølv på jobb i eit land som er svært utfordrande for skeive. 

Men, legg Merete til: 

– Pride er ei lita brikke i eit større mangfaldsarbeid. Pride og kvinnedagen er bra, men me må jobba med mangfald heile året. Me må kunna utfordra kvarandre, seier Matre. 

– Me blir ikkje betre enn totalen, seier Merete.

Ho vil ha aldersfordeling, kjønnsfordeling, forskjellige bakgrunnar og nasjonalitetar i AutoStore. Derfor hiv ho seg ikkje automatisk på snakkisen kunstig intelligens (KI) i arbeidet med kulturbygging. Selskapet er såvidt i gang med å bruka KI. 

– Det her skal me vera veldig forsiktige med. Me kan bruka KI i silingsprosessar, men systemet er aldri betre eller mangfaldig enn den inputen det får, seier Merete. 

– Me skal vera veldig mindful, men det er viktig å hengja med. 


Uansett kven ho snakkar med, om det er russ, tilsette eller folk i dyre dressar og draktar, så vil Merete alltid behandla folk fint. Den gyldne regelen gjeld i både business og på butikken. Foto: Hanna Maria van Zijp/Omega 365 Design

Av same grunn er Merete for kvotering. Etter 1. januar i år, skal styra i alle aksjeselskap av ein viss storleik, ha minst 40 prosent kvinner. Sjølv har ho lang erfaring med denne typen arbeid, som blant anna styremedlem i Åkrafjorden oppleving. 

– Det går ikkje fort nok utan, så kvotering må me sjå på som eit verktøy. Du kan ikkje copy-pasta deg til utvikling. 

AutoStore er medlem av organisasjonane Oda og Ada, som begge jobbar for kvinner i teknologibransjen. Dei sponsar Girl Tech Fest, som blir arrangert over heile landet, der målet er å få fleire jenter inn i realfag og industrien. 

 

Dessutan vil ho visa fram kva AutoStore har å by på til unge som skal velja utdannings- og yrkesveg. Merete tok initiativ til at lokale bedrifter i Vindafjord skulle rulla med russen, der tredjeklassingane ved Ølen VGS fekk ein rundtur for å sjå kva næringsliv som faktisk finst i nabolaget – før dei flyttar ut. 

Uansett kven ho snakkar med, om det er russ, tilsette eller folk i dyre dressar og draktar, så vil Merete alltid behandla folk fint. Den gyldne regelen gjeld i både business og på butikken. 

– Det er kanskje ein bygdeting? I eit tett samfunn møter du dei same folka i ulike settingar. Den som sit i kassen er kanskje med i FAU [foreldreutvalet] eller er trenar for ungen din. 

Merete har ein grunnleggjande tillit til folk, og trur alltid det beste om dei. 

– Av og til går eg jo på ein smell, men det er det verdt. Folk responderer godt på det, seier Merete. 

– Eg er veldig glad i god stemning, ler ho, før ho legg til:  

– Nei, nå slepp eg tatlå på meg! 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details