Vilt, tamt og godt frå eigen gardsmatbutikk
Går det som Kjell Vidar Øglænd drøymer om, så inviterer han kundar inn i ein splitter ny butikk for sal av gardsmat på garden sin i Ølen ein gong utpå nyåret. Her vil han selje kortreiste kjøtvarer av kalv og lam, hjort og rådyr, og kanskje noko godt tilbehør.
- Førebels har me vel drive det me kan kalla prøveproduksjon. Me har òg drive litt "forsking" for å finna den optimale modningstida på kjøtet. Det har blitt ein del testar med prøvesmaking inne på kjøkenet, og resultatet vonar me skal vera perfekt mørna kjøt på kundane sitt bord. Kjøtet du kjøper på Tveit Søndre er garantert ferdig modna, mørt og klart til bruk, seier Øglænd.
Øglend har fagbrev både som kjøtskjerar og klassifisør, og har jobba i kjøtbransjen sidan han var 18 år. I dag jobbar 45-åringen i deltidsstilling som klassifisør hos Fatland i slaktesesongen, i tillegg til å vera bonde på eigen gard.
Tar imot bestilling
Dei ulike kjøtprodukta er å få kjøpt alt no. Det er berre å kontakte Øglænd på telefon, så har han nok å by på frå lageret. Neste år tilbyr han deg og meg ferdig biff med tilbehør. Dersom han får realisert draumane.
- Tenk deg kor lettvindt det blir for travle hyttefolk på veg til hyttene sine på Haukeli når dei kan svinga innom Tveit Søndre og få med seg så å seie ferdig middag. Ti minuttar etter at dei har kome på plass på hytta kan dei by til bords til ein velsmakande biffmiddag, nærast filosoferer gardsmatbonden.
Noko vidare marknadsføring har han ikkje drive enno, men er alt fast leverandør av kjøtdeig til Fugl Fønix i Etne. Der lagar og sel dei hamburgarar produsert av kjøt frå "vår lokale bonde i Ølen". Førebels er ikkje produksjonen stor nok til å få faste leveransar på dei andre produkta. Dei går mykje til privatmarknaden.
- Etter kvart som folk har vorte klar over tilboda våre, har fleire og fleire tatt kontakt for å få kjøpe fredagsbiffen eller søndagssteika. Tilbakemeldingane har vore gode, fortel Øglænd.
Utviklar garden steg for steg
Garden aust for Ølen sentrum kjøpte Øglænd saman med kona - Elisabeth Nesheim - i år 2000. Sidan den gong har han tredobla produksjonen. I dag har han 34 kyr, 29 som mjølkar og ber fram kalvar - ein til året, og stundom kjem det òg ein tvillingfødsel. Mjølkeproduksjonen ligg på rundt 236 000 liter i året.
- Det handlar heile tida om å gjera dei rette tinga for å utvikla garden, tilpassa og optimalisera drifta slik at det kan vera eit leveleg bruk. Ein kjem alltid til grenser der ein må tenke nytt om ein skal halda fram og utvikla drifta. Med auka mjølkeproduksjon vart det mindre rom for oppfôring av oksar til slakt.
Alternativet Øglænd gjekk for var aling av kalvar til slakting når dei har ei vekt på 120 til 140 kilo.
- Det er mykje mindre plasskrevjande, og me sparar oss for eit heilt år med oppfôring. Ved sjølve å vidareforedla produkta, er det ein god del meir å tene på drifta enn om me berre skulle levera til slakteriet, fortel Øglænd.
Kortreiste råvarer
Øglænd leverer kalvane sine til Fatland for slakting. Skrottane tek han heim att i fire deler, klare til skjering.
- Eg vil ha ferskast moglege dyr, og hentar skrottane heim ein dag eller to etter at kalvane blei leverte. Kjøt til kjøtdeig blir mole og frose inn så fersk som mogleg, medan andre produkt blir pakka og vakuumert for så å modnast før dei blir frosne, fortel Øglænd.
Forutan eigenavla kalv kan Øglænd òg tilby produkt laga av kortreiste lam. Broren driv med sauer berre nokre steinkast lengre oppe i lia og forsyner verksemda med lam til den delen av produksjonen. Det hender òg at han jaktar ein hjort eller eit rådyr på heimebøen eller i utmarka.
- I tillegg kan eg skjere og pakke kjøt for andre, lokale produsentar. I så måte har eg gjort ei prøveskjering av lam av villsau frå nordsida av Åkrafjorden for Sveinung Bjelland, og har skore for Harald Velde, som har satsa på den vesle britiske ku-rasen Dexter i Øvre Vats. Me skjer og pakkar, men produkta blir levert til kundar under eigne varemerke, fortel Øglænd.
Først kjølecontainer, så gardsbutikk
Vegg i vegg med skjerhallen har Øglænd under installering ein kjølecontainer som skal bli lagerhall. Kjølemotoren og kledningen til å bygge hallen saman med resten av produksjonsanlegga står att. Og deretter kjem planane om gardsbutikken.
- Eg har funne eigna butikklokale på internett; ferdige modular som inneheld alt, og som berre kan plasserast på ei førehandsstøypt betongplate. Kople til vatn og straum, og ein har ein butikk klar til å ta imot kundane, fortel Øglænd.
Kostnadane med gardsbutikken har han ganske klart for seg. Inntektspotensialet? Ja, det er jo ikkje det lettaste å spå noko om, men Øglænd har tru på at både middagskundane og kundar med interesse for gode råvarer kan finna vegen til gardsbutikken.
- Det må nok meir marknadsføring til for å få dei heilt store voluma, men responsen me har fått etter at me starta produksjonen i vår gir oss trua på utvida aktivitet. Spesielt går det unna på kjøtdeigen, som blir pakka i trekilos-pakkar til Fugl Fønix og halvkiloar til privatmarknaden. Me kunne selt mykje meir av den. Biffar og andre produkt må me nok marknadsføra meir før me kjem skikkeleg i gang. Totalproduksjonen så langt - alle produkta inkludert og med leigeproduksjonen medrekna - nærmar seg to tonn ferdige produkt, fortel Øglænd før han gir oss ei innføring i korleis ein skal laga til eit godt biffmåltid. Her handlar det om temperering, salting og pepring, steiketid og grader og kor viktig det er å halda kjøtvæska inne i biffen. Inspirasjonen har han henta hos Arne Brimi, kan Øglænd fortelja.
Takk. Det smakte!