Byggjer nettverk

Den nye Kazakhstanske ambassadøren i Noreg prioriterer å besøke norske bedrifter og folk der dei er for å knytte kontaktar. På Rogalandsturneen sin var han blant anna innom Ølen Betong i Ølensvåg.

 

- Me prøver å sette fokus på investeringar frå utlandet inn til Kazakhstan, og finne område å samarbeide med internasjonale aktørar. Dette får me ikkje til frå ambassadekontoret vårt i Oslo, så me ønskjer reise rundt for å treffe både folk og bedrifter der dei er, fortel ambassadør Yerkin Akhinzanov og legg vekt på at Kazakhstan kan lære mykje frå Noreg innan mange område.

- Noreg er ein rollemodell og eit føregangsland på mange område innan utdanning, grøn teknologi og velferd.

Frå venstre og bakover: rådgjevar Mels Torekeldi, ambassadør Yerkin Akhinzhanov, president i Bike for Peace Tore Nærland. Frå høgre bakerst til fremst: Kontorsjef ved Ølen Betong i Murmansk Anna Belskaya, Ølen Betong-gründer Atle Berge, og dagleg leiar for Nordic Concrete Group Svein Atle Berge. Foto: Maria Djuve Vågen /Medvind24.no.

Det er spesielt innan landbruk og akvakultur at ambassadøren meiner Kazakhstan kan få mykje ut av samarbeid med norske aktørar, men utelukkar ikkje andre sektorar.

- Det me må legge til rette for nå er møtepunkt for både folk og bedrifter, og vise Kazakhstan fram til Noreg på nytt, fortel ambassadøren.

Det var på initiativ frå Tore Nærland i Bike for Peace at den Kazakhstanske ambassadøren møtte med Ølen Betong i Ølensvåg under ambassadøren sitt besøk i Rogaland.

- Eg meinte at det kunne vere interessant å få til eit møte og at dei kunne knyte kontakt. Kazakhstan treng å vise seg fram for internasjonale bedrifter med tanke på moglege investeringar, seier Tore Nærland som er kjend for å ha starta og driv Bike for Peace som har brakt han i møte med mange verdsleiarar og fredsmeklarar via sykkelsetet i over 40 år.

Representantane frå Ølen Betong utelukkar ikkje at det hadde vore interessant å samla bedrifter og andre aktørar til ei «studiereise» til Kazakhstan.

Forutan møte med Ølen Betong, var ambassadøren i møte med fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal, fylkesmannen i Rogaland Lone M. Solheim, bonde Erik Voll på Rennesøy, og hadde eit innlegg på Time kommunehus.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details