Det er Mental Helse som står bak arrangementet Venn1 som går av stabelen på Sjøperlo, Ølen Kulturhus kl. 18.30 på onsdag. Mange lokale bedrifter støttar opp om arrangementet der ein ynskjer å setje fokus på korleis ungdommane eigentleg har det, og kva ein kan gjere for å styrke den mentale helsa hjå dei unge.
Tema ein er innom denne kvelden er blant anna kva psykisk helse er, korleis ein kan vere aktiv lyttande og skape ein open dialog med ungdom. Her er det rom for å diskutere korleis ein kan ta ungdom på alvor og setje søkjelyset på korleis ein kan jobbe saman som føresette, lokalsamfunn og skule for å løfte ungdommane si mentale helse.