Medvind24 søker videojournalist 

Medvind24 vil styrka mediebreidda og auka fokus på informasjon og kommunikasjon gjennom levande bilde. 


Me er på jakt etter ein person som kan bidra med multimedial nyhendeformidling og historieforteljing i redaksjonen.

Som videojournalist i Medvind24 blir du ein del av ein informasjonskanal i vekst der du produserer saker for og om næringslivet i Vindafjord. Her får du sjansen til å jobba tett på eit allsidig, ekspansivt og unikt næringsliv. 

Me tilbyr jobb i eit redaksjonsmiljø som leverer innhald hovudsakleg til nett og sosiale medium. 

Du: 

  • Meistrar både tekst, foto, filming og redigering. 
  • Er ein lagspelar som også kan jobba sjølvstendig. 
  • Er kreativ, idérik og ser nye moglegheiter for både deg sjølv og Medvind24. 
  • Har god evne til historieforteljing. 
  • Har teft for nettjournalistikk og er interessert i digitale forteljarteknikkar. 
  • Er kvikk og kan kunsten å snu deg rundt. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Filma, redigera og produsera videoreportasjar 
  • Produksjon av korte web/TV-reportasjer 
  • Laga «kommersielle» filmar/presentasjonar særskilt for digital bruk, men som også kan brukast i andre presentasjonar 
  • Oppdrag fra lokalt næringsliv til 
  1. Marknadsføring 
  2. Informasjon 
  3. HMS 

Me tilbyr: 

  • 100 prosent fast stilling 
  • Ein spanande og utfordrande jobb i ein framgangsrik region med eit variert næringsliv 
  • Eit framifrå arbeidsmiljø 
  • Ein god arbeidsstad for personleg og fagleg utvikling 
  • Gode velferdsordningar 
  • Lønn etter avtale

For meir informasjon:

Søknad og CV til


Medvind24.no er ei nettside for og om næringslivet i Vindafjord. Vårt mål er omdømmebygging av næringslivet i kommunen. Målgruppa vår er alle med interesse for Vindafjord og næringslivet her, i tillegg til marknaden elles i landet for dei næringane som står sterkt i kommunen. 

Vindafjord Arbeidsgivarforum (VAF) støttar Medvind24 med prosjektmidlar. Vårt mål er å halda lesarane våre oppdaterte på nyhende frå næringsklynga, fortelja dei gode historiane og gje innsyn i utviklinga og innovasjonen som har gjort og gjer næringslivet i Vindafjord så unikt. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details