- Me er alle gode nok

Å ha trua på seg sjølv er motoren i livet. Mange føler seg aldri gode nok, og det truar den psykiske helsa vår, meiner psykolog Trond Haukedal. 18. oktober markerer han Verdsdagen for psykisk helse med inspirasjonsføredrag på Ølen Kulturhus.

 

Psykolog og forfattar Trond Haukedal er blitt ein svært ettertrakta føredragshaldar i Noreg. Han har lang fartstid frå arbeid som psykolog særskilt retta mot arbeids- og organisasjonaliv. 18. oktober markerer han Verdsdagen for psykisk helse på Ølen kulturhus. (Foto: trondhaukedal.no)

I samarbeid med Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) og Rus og psykisk helseteneste i Vindafjord arrangerer Etne og Vindafjord Mental Helse markeringa av Verdsdagen for psykisk helse med psykolog, forfattar og føredragshaldar Trond Haukedal i spissen. 

Alle har ei psykisk helse, med dei opp- og nedturar det fører med seg, seier Sølvi Eide Lunde i Etne og Vindafjord Mental Helse. 

- For somme er utfordringane større enn andre. Me må skapa meir kunnskap og openheit kring temaet, og Haukedal har gjennom mange føredrag sett fokus på nettopp vårt eige sjølvbilde som ein viktig del av den psykiske helsetilstanden vår, seier Lunde. 

Perfeksjonsjaget

Prestasjonsjaget og perfeksjonspresset er større enn nokon gong, og det er ein fare for den psykiske helsa vår, påpeikar Lunde. Difor blei Haukedal og føredraget «Å vere god nok i seg sjølv» valt til årets tema. 

 - Når me høyrer om unge folk som føler det er eit nederlag å «berre» få ein femmar lyser det eit faresignal. Stadig fleire kjenner på presset etter det perfekte. Dette fører til ei psykisk belastning som eg trur svært mange av oss slit med i dag, både heime, blant venner, på skule eller i jobb, seier Lunde. 

- Psykisk helse er noko som råkar alle på eit eller anna tidspunkt i livet, og me må alle jobba for å allminneliggjera det, seier Sølvi Eide Lunde i Etne og Vindafjord Mental Helse, primus motor bak årets lokale markering av Verdsdagen for psykisk helse

Haukedal har lang fartstid med psykologi innan norsk arbeids- og organisasjonsliv, og har gjennom fleire år fått lang erfaring rundt korleis me som menneske reagerer på eige sjølvbilde. 

- Sjølvbildet er lokomotivet i liva våre. Jo dårlegare sjølvbildet vårt er, jo sterkare reagerer me. Men kor mykje snakkar me eigentleg med kvarandre om sjølvbildet vårt? Eller sjølvkjensla? Så godt som ingenting. Me pyntar og steller med karosseriet, passar på at me er i moderne fargar og friske i lakken. Mens motoren, sjølvbildet vårt, det neglisjerer me. Då gjer me oss sårbare. Når me då startar å hosta og harka, og slit med å komma i gang, merkar me at det ytre ikkje lengre klarer å kompensera og dekka for dette, skriv Haukedal

Næringslivet med på laget

Dersom me ikkje har det godt med oss sjølv, og slit psykisk, vil me ikkje klara å begrensa dette til livet på heimebane, poengterer Lunde. 

- Dårleg psykisk helse vil også merkast på andre arenaer, blant anna på arbeidsplassen. Og difor er me også veldig glade for at næringslivet ønskjer å bidra til at me får setja fokus på området, seier Lunde, som har med seg VAF som samarbeidspartar for markering av verdsdagen. 

Inspirasjonsføredraget er gratis, og absolutt alle er i målgruppa . 

- Føredraget med Haukedal skal vera eit lågterskeltilbod, og det er viktig at dette skal vera eit tilbod alle kan nytta seg av, uavhengig av økonomi. Psykisk helse er noko som råkar alle på eit eller anna tidspunkt i livet, og me må alle jobba for å allminneliggjera det. Nettopp derfor er det viktig å setja fokus på dette overfor eit så breitt publikum som mogleg.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details