Velkommen til medvind avd. Etne



Brødrene Mæland og god stemning er allereie på plass i Medvind avd. Etne, og fleire kontor står klar til nye leigetakarar. Frå venstre: Banksjef Rune Ramsvik, dagleg leiar i næringshagen Merete Vårvik Matre, leiar i Fikse Næringsforening Asbjørn Moe, forretningsutviklar Morten Helland og byggjeleiar i Brødrene Mæland, Thomas Rullestad. 

- Me gler oss stort til å få inn endå fleire bedrifter på nabokontora. Medvind har etablert veldig gode kontorfellesskap i Vindafjord, og me ser fram til å få same miljøet rundt oss her. Også kan det jo bli greitt å få fleire å dela kjøkkentenesten med, flirer byggjeleiar Thomas Rullestad i Brødrene Mæland, som har «tjuvstarta» på den nye samlokaliseringa i Etne. 


Vil du bli leigetakar eller målbedrift hjå oss?

Ta kontakt med eller


Medvind Næringshage har ekspandert til Etne, og er nyleg innflytta i dei tidlegare NAV-lokala i Etne Sparebank sitt bygg. Banksjef Rune Ramsvik er glad for at Etne Sparebank kan vera med å tilretteleggja for meir næringsutvikling i Etne. 


- Litt av hensikten til ein lokal sparebank er å bidra til næringsutviklinga. Vanlegvis skjer dette på kredittsida, men nå ser me fram til å støtta opp om næringsutviklinga gjennom utleige av lokale, og dermed leggja til rette for auka næringsaktivitet i kommunen. Ved å opna for eit slikt kontorfellesskap der mange kloke hovud kan samlast, trur eg dette er god grobotn for knopskyting i det lokale næringslivet, seier Ramsvik. 

Over om lag 350 kvadratmeter vil Medvind leiga ut 15 kontorplassar etter same modell som næringshagen i Ølensvåg. Næringshagen i Etne vil tilby både faste kontorplassar og pendlarkontor til dei som kun ønskjer ein kontorplass til sporadisk bruk.

Dagleg leiar Merete Vårvik Matre seier at bedriftene i næringshagen i Etne kan få nytta seg av fleire fordeler ved å vera del av Medvind-fellesskapet. Anten som leigetakarar eller som målbedrifter. 

- Som i Ølensvåg og Sandeid vil bedriftene i næringshagen også få moglegheit til å bli målbedrifter, og dermed vera med i næringshageprogrammet som gjennom ei rekkje ulik tiltak kan bidra til vekst og utvikling av bedrifta, seier Matre. 

Medvind har i dag 34 målbedrifter frå både Etne og Vindafjord. 


Målbedrift i Medvind? 

Medvind Næringshage er leverandør av det offentlege næringshageprogrammet. Som  medlem/målbedrift i næringshageprogrammet får du: 

 

  • Tilgang til eit stort bedriftsnettverk som kan bidra med kompetanse og erfaringsutveksling. 
  • Moglegheit til å delta på næringshagen sine faglege møteplassar og aktivitetar som bl.a. kurs, frukost- og lunsjmøte. 
  • Marknadsføring gjennom Medvind24 sine kanalar. 
  • Rabatterte kurs gjennom VAF sitt kompetanseprosjekt. 
  • Rabattert rådgiving med forretningsutviklarar, fagkonsulenter og søknadsarbeid 
  • Rabatt på tenester relatert til marknadsføring og kommunikasjonsarbeid for bedrifta di 
  • Rabatt på leige av kontorlokale i næringshagen. 
  • Årlege vekst- og utviklingssamtaler med våre forretningsutviklarar









Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details