Dyr, landbruksmaskinar, gardsarbeid og kortreist mat fyller nok ein gong opp Sjoargata laurdag 23. september når Vindafjordbonden inviterer til Vil vekst.
- Arrangementet skal bidra til å setja Vindafjord-landbruket på kartet, og gje besøkjande litt meir innsikt i kva Vindafjord-bøndene står for og verdiskapinga i det lokale landbruket , seier medlem i dugnadskomiteen Vindfjordbonden, Frank Abelseth.
Om lag 70 bønder utgjer Vindafjordbonden AS, eit interesseselskap som arbeider for både rekruttering, omdømmebygging, statusheving og utvikling av landbruket i Vindafjord kommune.
For tredje året på rad arrangerer dei Vil vekst, ein mini-marknad med fesjå, utstilling av landbruksmaskinar og sal av kortreist gardsmat. I fjor var mellom 600 og 700 besøkande innom Vil vekst.
- Å få møta på gardsdyr er alltid ein vinnar for barnefamiliar denne dagen, og også i år kjem me til å ha ein allsidig «fjos» i Sjoargata. Dette året har me fleire salsboder som tilbyr lokalproduserte matvarer. I tillegg blir det auksjon i samarbeid med Ølen brukthandel og «bondeleikar», fortel Abelseth.
Med seg på arrangementet har Vindafjordbonden samarbeidspartnarane Tine, Vindafjord kommune, Fatland, Nortura, Sparebank 1 SR-bank, Q-meieriene, Fiskå Mølle og Tveit Rekneskap. I samband med arrangementet vil også alle husstandar i Etne og Vindafjord motta magasinet Vil vekst, som set fokus på liv og yrke hjå lokale bønder.