Variert kurs-haust

I haust kan du blant anna kurse deg i økonomi, sosiale medium, pitching av gode idear og strategisk bedriftsutvikling.


- Ein del av kursa er blitt standard-kurs etterkvart, kurs om lønn, rekneskap og for yrkessjåførar tilbyr me kvart år. Dette er nødvendige kurs som dekker bransjekrav. Både revisorar og yrkessjåførar må kursast jamleg for å kunne gjennomføre jobbane sine, og dei som jobbar med lønn og økonomi treng årlege kurs i nye reglar og lovverk, fortel prosjektleiar i Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF), Merete Vårvik Matre.

Kurshausten 2019

Strategisk planlegging

I år tilbyr VAF kurs i strategisk forretningsutvikling. Målet med kurset er å gi deltakarane eit mest mogleg heilskapleg utgangspunkt for strategisk arbeid og forretningsutvikling, både på leiar- og styrenivå.

- Her får ein verktøy til å setje av tid til strategisk tenking, i ein travel kvardag der arbeidet ofte blir basert på ad-hock. Det er bra med ei påminning om korleis ein kan tenkje langsiktig for eiga bedrift, meiner Vårvik Matre.

Det er Jan Christian Bernhardt frå Styreforeningen som held eindagskurset som er retta mot eigarar, dagleg leiarar og styremedlemmer.

- Eg trur også kurset kjem på rette tidspunktet, mange arbeider med strategi på hausten, då kan det vere godt med påfyll.

Vårvik Matre nemner også kurset i sosiale medium, som i stor grad er retta mot bedrifter som driv handel. Det er Kathrine Jølle Vathne som held kurset der bedrifter får tips og rådgjeving om korleis dei kan marknadsføre seg ved hjelp av Facebook og Instagram.

Pitche idear

28. august startar også pitch-workshop med Sean Paul Shanor. Det er Medvind Næringshage som arrangerer kurs-rekka der du vil øve, få og gi input slik at du til slutt blir ein betre pitcher. Den første samlinga på 90 minutt er open for alle, også for dei som ikkje melder seg på heile kursrekka.

- Dette er jo glimrande for alle som er i møte med kundar, samarbeidspartnarar og investorar, rett og slett alle som skal selje noko. Her får du finjustert både salsteknikk og presentasjonsteknikk, fortel Merete Vårvik Matre.

Sean Paul er ein dyktig og engasjert norsk-amerikanar som jobbar mykje med start-ups og gründarar, spesielt retta mot pitching. Prosjektleiaren i VAF nemner også Lederutviklingskurset, LED+ som blir arrangert av VAF.

- Dette er eit kjempegodt leiarutviklingsprogram der du får god individuell oppfølging mellom samlingane. Dette kurset er det som har best evalueringsscore frå deltakarane, som også peikar på at VAF-medlemmer får god rabatt på eit kurs som i utgangspunktet er i den dyraste enden av skalaen.

Mental helse

3. oktober markerer VAF verdsdagen for psykisk helse saman med Etne og Vindafjord kommune. I år inviterer dei til eit gratis frukostmøte der ein kan høyre Henning Aarekol sitt føredrag «Gje tid».

- Henning Aarekol er ein spanande person som har eit godt foredrag der det blir både teori og eigne erfaringar, han er god på å by på seg sjølv, meiner Vårvik Matre og viser til VAF årleg har om lag 40 ulike kurs, og alltid er på jakt etter nye tips.  

- VAF er her for dei lokale bedriftene, og alltid interessert i gode forslag til kurs og arrangement som kan vere aktuelle, slår ho fast.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details