Opplev turgleda i Vindafjord

I "Ut på i Vindafjord 2017" byr alle ni Vindafjord-bygder på nokre av sine flottaste turmål. I tillegg til friske utflukter, praktfull utsikt og utfordrande terreng kan du også bli premiert om du registrerer turane dine.

 

(Informasjonen er henta frå "Ut på tur i Vindafjord 2017")

"Ut på tur i Vindafjord" er klar med ny brosjyre for 2017. Her finn du nokre av dei flottaste turmåla kommunen har å by på, med varierte turar i terreng med ulik vanskegrad. I tillegg til dei ni toppturane er seks tilrettelagde ruter med i turpakken . Desse passar godt for syklistar,  turgåarar med barnevogn, rullestolbrukarar og rørslehemma.

Gå alle turar og bli med i trekninga av gåvekort på 2 500 kroner:

  • Gjeld i perioden 24. mars til 1. november
  • På kvart turmål finn du turkasse med eit kodeord og ei bok til å skrive namnet ditt i
  • Noter kodeord på skjema for kodeord i brosjyren. Kodeorda vil til slutt bli ei setning.
  • Last ned skjema her!
  • Når du har alle orda på plass, send inn skjema til: Vindafjord kommune, 
    Rådhusplassen 1, 5580 Ølen innan 12.11.2017 

Sjekk ut turane her:


Vikebygd: Dyraskorfjell 531 m.o.h

Kveldssol ved varden på Dyraskorfjell. Foto: Roar Årvik

Tilkomst og parkering: Parkering ved Vikebygd bygdahus som ligg ved idrettsanlegget nord i bygda

Om turen: Følg grusvegen ved sida av bygdahuset ca. 200 meter, ta så til venstre i kryss og følg traktorveg oppover og inn i skogen og ta til venstre ved skilt der traktorvegen deler seg. Følg deretter merka sti oppover til varden på toppen. I ura i Glommeskar kan det vera glatt og steinane lause, så trø med varsemd. Er det vått, kan det vera greitt å gå heimturen via Trodlanibba, der er det òg merka sti. Å gå den vegen på tilbaketuren er uansett eit godt alternativ.



Skjold: Valåsen 313 m.o.h

Utsikt frå Valåsen. Foto: Siri Nonslid

Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 i plankryss til Skjold, følg skilt til Skjold i rundkøyringa på Skjoldavegen og ta så til høgre ved første fotgjengarfelt etter Essostasjonen inn på Prestegardsvegen. Følg denne ca. 500 m og ta av til venstre mot parkeringsplass.

Om turen: Turen startar på grusveg frå parkeringsplassen. Rett før Stemmetjødnå (drikkevatn), er turstien skilta til Valåsen på høgre side. Følg stien gjennom skogen, siste del har bratt stigning opp mot toppen. Frå Valåsen kan du gå vidare ned på motsett side av fjellet. Då endar du opp på same grusveg, i andre enden av Stemmetjødnå. Det er merka turstiar til fleire toppar og vatn med utgangspunkt i grusvegen. 

Det er merka turstiar til fleire toppar og vatn med utgangspunkt i grusvegen. 


Vats: Veldehytta 360 m.o.h.

Veldehytta. Foto: Jon Olav Velde

Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 i Øvre Vats, inn på Eikesdalsvegen. (Ca. 2,5 km frå Knapphus og ca. 6 km frå Ølensvåg). Her står det skilt til Eikesdal. Følg Eikesdalsvegen omlag 700 m, til du kjem til skilta parkeringsplass. Her er det rasteplass, info.tavle m/kart og skilt over mange fine turar som startar herifrå.

Om turen: Du følgjer traktorvegen heilt fram til hytta. Om ønskjeleg kan du ta forskjellige avstikkarar undervegs. Bl.a. er det ein fin rasteplass bak ei privat hytte på Dyrhaug. Veldehytta er alltid open. Her kan du nyta nista di inne eller ute. Ute er det også ein grillplass i gammal hustomt. På bordet inne i hytta ligg ei hyttebok du kan skriva deg inn i. Sjå skilt og merking til nye turmål: Morgonsvatnet, Ulserhaug, Vikestølen, Eikås/Bjoa, Vikebygd, Longåsdalen, Bjordal. Vikestølen er Bjoa sitt turmål dette året – litt myrlendt sti.



Sandeid: Hovda 589 m.o.h

Utsikt over Sandeid frå Hovda. Foto: Stine Helen Marken

Tilkomst og parkering: Parkering ved Sandeid samfunnshus som ligg på motsett side av Sandeidvegen ved Sandeid kyrkje. Her finn du og informasjonstavle med turkart.

Om turen: Frå parkeringsplass følg Helgelandsvegen ca. 500 m, ta av til venstre etter passering av gardstun (stor løe), sjå skilt.  Følg så grusa gardsveg ca. 500 m og så traktorveg opp gjennom beiteområde. Følg denne ca. 2 km til stien tar av til venstre frå traktorvegen. Følg stien til toppen. 


Vikedal: Lysenuten 812 m.o.h.

Nordlys over Lysenuten. Foto: Joakim Slettemeås

Tilkomst og parkering: Frå Vikedal sentrum tek du av til Vikedalsdalen (Movegen). Køyr ca. 3 km og ta til venstre over Ørnesbrua og følg Movegen, ca. 1 km. Ta så av til venstre til Førland (Eikelandsvegen) og etter ca. 1,8 km er du ved gardsbruket Eikeland. Infotavla står ved vegen. Parkering utpå kanten ovanfor poststativ. Ta omsyn til privat ferdsel. 

Om turen: Gå mot det nordligaste uthuset i tunet og følg stien oppover mellom to steingardar. Oppe i lia tek stien sørleg retning over på skogsveg. Der skogsvegen tek slutt, gå sørvestover og følg merka sti. 

Du er nå ved eit flott utsiktspunkt til Sandeid/Vikedal og rett fram til Lysenuten. Du passerer ei myr på vestleg side og kjem til ein god rasteplass kalla Larshidler. Følg merke- pinnane til toppen. Alternativ retur er på merka sti mot sørvest, ned mot Hestanipen og ned til Opsal.



Imsland: Storøyna

Til Storøyna. Foto: Friluftsrådet Vest

Tilkomst og parkering: Ta av frå fylkesveg 46 til Kvaløy. Følg Kvaløyvegen nedover, ta til venstre i første kryss og til høgre i neste kryss. Følg Storøyvegen over Litløyna og vidare over på Storøyna til du kjem til ein opplagsplass. God plass for parkering. 

Om turen: Frå opplagsplassen ta til høgre inn på traktorveg og følg denne. Det er ein bratt bakke i byrjinga av vegen, resten går litt opp og litt ned. Har du ei god barnevogn og likar litt ekstra styrketrening på turen er det mogleg å ta den med, men det er tungt. Turkassen står ved enden av traktorvegen. Her kan du snu og gå same vegen tilbake. Vil du ha litt ekstra utfordring kan du fortsetja vidare rundt øya. Då må du ha gode sko, for der traktorvegen tek slutt er det ganske blautt. Deretter kan du følgja ein sti eit lite stykke før du kjem til nokre små bratte parti på litt berg som kan vera glatte og kor stien ikkje viser så godt. Så har du gått rundt øya og kjem ut ved parkeringsplassen ved båthamna. Følg vegen tilbake til parkeringsplassen. 



Ølen: Skukkane 574 m.o.h

Frå Skukkane ser du det meste av Ølen og Ølensvåg. Foto: Torbjørn Ruud

Tilkomst og parkering: Følg E134 austover frå Ølen til Opheim (Olalivegen). Parkeringsplass på fjellet ved Opheim. Avgift. 

Om turen: Skukkane er fjellet nordaust for parkeringsplassen på Opheim. Frå parkeringsplassen kryss bekk og følg den gamle stien til Olalia. Etter berre 30 m ta av mot nord. Stien følgjer lia mot nordaust, først gjennom bjørkeskog, seinare i ope terreng. Turen til Skukkane er ein kort tur og det er difor merka ein rundtur vidare om Keisarholi og Røde Korshytta: Frå Skukkane går stien mot Grasdalen i aust, kryssar dalen og svingar mot nordaust. Frå Keisarholi/Gudmundsnuten får du fin utsikt mot Etne, Folgefonna m.m. Stien går mot sør om Tråstølen og ned til Røde Korshytta. Følg stien/vegen som turistforeininga har merka tilbake til utgangspunktet. 




Ølensvåg: Kåtanuten 534 m.o.h.

På veg opp til Kåtanuten. Foto: Vindafjord kommune

Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 i Ølensvåg mot Bjoa, ca. 2,5 km til Lunde. Parker på oppsida av Bjoavegen ved Kråkedalsvegen.


 Om turen: Frå parkeringa er det merka til godt synleg sti, som etter kvart går inn i skogen. Bra stigning her inne. Etter kvart kjem du ut av skogen i Skaret og ser at dette er ein tur som vil gi deg ei fantastisk utsikt når du kjem opp på toppen. Ta av til høgre i Skaret og du kan ikkje misse stien. Vel oppe på toppen kan du sjå innover mot Sunnhordlandsfjella, Fjellberg, Ølensfjorden og Haugalandet. 







Bjoa: Vikestølen 320 m.o.h.

På veg til Vikestølen. Foto: Ingrid Johannessen

Tilkomst og parkering: Frå Bjoavegen ved Innbjoa ta av i kryss skilta til Dalen. Følg Eikåsvegen sørover dalen ca. 5 km heilt fram til Eikås. I enden av vegen er parkeringsplass og informasjonsskilt. 

Om turen: Første del av turen går langs beite og vidare i fint skogsterreng, lett skrånande oppover dalen. Følg skogvegen heilt fram til Vikestølshytta. Halvvegs opp, på Høgerotten, er det utplassert bord med benker. Her er utsikt til Bjoavatnet og fjorden. Vel framme ved hytta kan du nyte utsikta sørover dalen mot Eikesdal i Vats. Nistepakken kan du nyte inne i stova eller ute på terrassen i solveggen mot sør. Frå Vikestølen kan du gå vidare mot nye turmål. Det er merka løype til Trollafjell (595 m.o.h.) og derfrå til Vikebygd. Du kan også gå ned til Vikebygd på skogsveg frå Vikestølen via Langavatnet. Merka løype sørover dalen viser veg til Eikesdal via Veldehytta i Vats. Vikestølen er også eit mykje brukt turmål i skisesongen.












6 tilrettelagde turar

"Ut på tur i Vindafjord 2017" byr også på kjekke tur-ruter som tilrettelagde for dei med barnevogn, syklistar, rullestolbrukarar og rørslehemma.

Sandeid: Sentrum via Helgevoll

Langs Rødneelva. Foto: Gro Heggebø.

Tilkomst og parkering: Du kan starte turen enten ved Sandeid kyrkje/samfunnshus – oppslagstavle ved parkeringsplass, eller ved Teknisk bygg i sentrum av Sandeid. God parkering begge stader. 

Om turen: Dersom du startar ved kyrkja følg gangvegen langs fylkesvegen (Sandeidvegen) til krysset Sandeidvegen/Saudavegen og vidare langs Saudavegen til avkøyringa til Teknisk bygg (Østbøvegen). Turen går vidare på gardsveg til du kjem til Rødneelva og så på traktorveg langs elva fram til Rødnebrua. Her finn du turkassen. Der tar du til venstre og følgjer Helgelandsvegen tilbake til utgangspunktet.


Skjold: Likvik

Likvik. Foto: Sverre Emil Grunnaleite.

Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 til Skjold i plankryss, følg skilt til Skjold i rundkøyringa på Skjoldavikvegen. Kjør ca. 1 km til skilt med Vikanes på venstre side. Parkeringsplass ligg på høgre side oppe i bakken. 

Om turen: Start og mål på Vikanes. Gå forbi Skjold Arena og barnehagen, utover Vikaneset, til vegen deler seg. Ta til høgre og så til venstre etter ca. 150 m. Følg grusveg ned til Likvik. Litt bratt bakke ned. Her er strand, benker, gapahuk og toalett. Turkassen finn du på gapahuken


Ølen: Gamle postvegen

Gamle postvegen mellom Ølen og Fikse. Foto: Torbjørn Ruud.

Tilkomst og parkering: Parker ved svømmehallen eller ved SR-bank Stadion i Ølen. 

Om turen: Følg vegen Øverhagen frå Steinbru ved Fatland Slakteri ca. 600m. Følg Hellevadvegen (gamlevegen mot Etne) i ca. 4 km. Postkasse med turbok er ved tyskerhòlene på Fikse.




Vats: Frå Aurdal til Fjellgardsbakken

Rasteplassen ved Fjellgardsbakken. Foto: Jon Olav Velde

Tilkomst og parkering: Ta av frå E134 ved tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal (Aurdalsvegen). Følg denne vegen til endes 1,4 km og litt forbi tunet til Haslemo. Her finn du ein god parkeringsplass med info.tavle. 

Om turen: Følg traktorveg heilt opp til Fjellgards- bakken. Vegen går langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare gjennom gran- og furuskog i slakt terreng til du kjem til Aurdalselva på ny, ved Fjellgardsbakken. Gjennom Aurdalsdalen var det ferdselsveg frå Øvre Vats til Sandeid i gamle dagar. I dag går det traktorveg innover heilt over til Steinsland i Sandeid. Du finn ein del namneskilt langs vegen innover. Ved brua på Fjellgardsbakken er det sett opp benk og turkasse med bok i.


Vikebygd: Rundtur rundt "nullen"

Båthamna i Vikebygd. Foto: Vindafjord kommune

Tilkomst og parkering: Parkering ved Vikebygd bygdahus som ligg ved idrettsanlegget nord i bygda. 

Om turen: Turen startar på vestsida av fylkesvegen, følgjer sykkelstien 100 meter og tek av inn mot barnehagen og skulen. Gå inn porten til barnehagen og vidare forbi skulen. Ta gjerne ein pause og prøv dei unike styrketreningsapparata i treningsparken på nedsida av skulen. Fortset så ned bakken på sykkelstien, forbi trygdebustadane og ned til Plassabakeriet. Helgene sommarstid vil du kunne ta deg ein matbit her. Hald fram langs sjøen bort til småbåthamna. Her finn du turkassen. Dette er ein flott plass å ta pause eller ta eit bad i sjøen. Etterpå går du opp forbi kyrkja til fylkesvegen, følgjer denne nordover og inn på sykkelstien igjen oppe ved butikken. Følg sykkelstien tilbake til bygdahuset.


Imsland: Ørevikvegen

Ørevikvegen. Foto: Vindafjord kommune

Tilkomst og parkering: Ta av frå fylkesveg 46 (Saudavegen) i Ølmedal og sving til venstre i krysset ned til Imslandssjøen og parker nede ved kyrkja. Du kan og parkera oppe ved bygdahuset i Ølmedal. 

Om turen: Ørevikvegen er ein del av den gamle hovudvegen mellom Haugesund og Sauda. Vegen vart rusta opp som eit kulturminne på 1990-talet. Turen startar ved gardstunet på Imslandsgarden. Langs vegen er det infoskilt om vegen, planter og tre og det er rasteplassar m/benker. Turkassen finn du ved rasteplass i siste del av turvegen. Etter turen er det fint å gå ned til Imslandsjøen og bada.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details