Urmaker Arnestad opnar ny butikk på internett

Med god hjelp av dottera Rikke (19) og veninna hennar, Sara Knutsen (16), gjekk urmakar Sveinung Arnestad «live» med eigen nettbutikk denne veka. Onsdag kveld opna dei virtuelle butikkdørene, og handelen kunne starte.

- Det var på høg tid med noko nytt. Etter 20 år som urmakar i Ølen kjende eg meg litt rastlaus, og meinte tida var mogen for å fornye butikken. Med ungdomar i hus har eg jo sett at meir og meir av handelen går føre seg over nettet, så her var det berre å henge med, fortel Arnestad. 

Han vedgår at opninga kom litt i seinaste laget for julehandelen, men meiner likevel han kan love dei første kundane å få julegåvene fram om dei er raske med bestillinga. 

- Det ideelle hadde nok vore å opne samtidig som julegatene opna, men av og til kan ting ta tid. Det har vore ein god del grubling for å kome fram til ein nettbutikk me kan stå inne for. No er me klare, og eg kan love dei første kundane at julegåvene skal nå fram til julekvelden. Hovudlageret vårt er her i Ølen, og bestillingar me får inn dei par neste dagane kan me rekke å få ut før fristen Posten har sett for å garantere pakken fram før jul. Om ønskjeleg kan me gjere pakkane klare med julepapir, så kunden slepp med å fylle ut til- og frå-lappen, lovar han. 

Eit supplement til lokalbutikken 

No er ikkje Arnestad så redd for å misse julehandelen. Straumen av kundar til den fysiske butikken i Sjoargata har vore upåklageleg i år, som i alle åra Arnestad har drive butikken. Han starta i teneste hos faren og tok over urmakarstolen i 1996. To år seinare gjorde faren butikken om til eit AS og let sonen overta ansvaret for drifta. 

- Drifta i lokalbutikken vil framleis ha førsteprioritet, men på sikt vonar eg at nettbutikken kan bli eit godt supplement til drifta. Målet er at nettbutikken skal bli så inntektsbringande at eg kan tilsetje ein eigen person med ansvar for denne delen av verksemda, pluss at det skal gi eit lite overskot til firmaet, fortel Arnestad om framtidsplanane. 

I dag er det fire tilsette i Urmaker Arnestad. Omsetninga er på om lag 3,5 millionar kroner. 

- Eg blir «øvegidde» om omsetninga i nettbutikken blir like stor, men det vil berre tida vise, seier Arnestad og smiler lurt. 

I første omgang er det klokker, smykke og kikkertar Arnestad vil selje over nettet. Han vil òg tilby vanlege reparasjonstenester via nettsidene. Etter kvart som dei ser korleis den nye marknaden utviklar seg, kan det bli aktuelt å utvide sortimentet. 

- Billegaste butikken eg har hatt 

Å opne nettbutikk kostar ikkje skjorta. Forutan å leige plass hos leverandørar av nettbutikkløysingar, så skal det ikkje mykje utstyr til for å kome i gong. 

- Det er iallfall den billegaste butikken eg har hatt. I tillegg til månadsleiga til nettbutikkleverandøren har eg investert i ein skrivar og litt ekstrautstyr tilpassa drifta. Lagerplass har eg i dei eksisterande butikklokala, og det eg ikkje kan ha på eige lager hentar eg ut frå fjernlageret, som i praksis er hos leverandørane mine. Og butikkdrifta kan eg styre får PC-en eller mobilen min, fortel Arnestad. 

Litt kostnadar har det og vore i samband med «innreiinga» av butikken. Dottera og veninna har dei siste dagane finpussa på innhaldet, og godt støtta av Jarle Ljosnes i JHL AS gjekk altså netthandelen urmax.no på nettet denne veka.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details