Testa arbeidslivet

Denne veka har 10.klassingar frå Ølen skule prøvd seg i arbeidslivet. Her møter dei både ein interessant og utfordrande arbeidskvardag.

Av Nora Berge og Madeleine Matre, 10. klasse-elevar på jobb i Medvind24

Kvar haust får 10.klassingane ved Ølen skule prøva seg på på ein heilt vanleg jobbkvardag. Dei får sjølv velja kor dei vil prøva seg, og er å finna på ei rekkje arbeidsplassar i Vindafjord denne veka. 

Frida Hundhammer synst det er interessant og være saman med borna. – Eg er veldig glad i ungar fra før av, så denne jobben virka veldig interessant.

Prøvde seg som lærar

Celina Grønstad (15) og Jakub Bryczkowski (15) valde og jobba på Vågen skule. Her arbeidar dei på småskulen, saman med dei minste borna på skulen. Dei kan og være igjen på SFO etter skulen, om dei ynskjer det. Dei valde denne jobben, fordi den ligg nærast, og dei synst det virka kjekt og jobbe der. Celina og Jakub synst det er spennande og jobbe på Vågen skule. Dette er og faktisk ein jobb dei kunne tenkje seg og ha nar dei blir eldre. Men med denne jobben, følgjer det og med ein del utfordringar, fortel dei to. 

- Det er jo nokon utfordringar med og arbeide her, for eksempel å få borna til og høyre etter og følgje med, seier Jakub. Ola Ur Haugen (15) og Frida Hundhammer (15) arbeider også på skule. Begge to er interessert i og bli lærarar, og nokre dagar på Ølen skule verka interessant for dei begge. 

- Det er ein kjekk jobb og hjelpa dei og læra. Også er det veldig kjekt og være saman med borna, men det er også ein veldig slitsom jobb. Eg er veldig trøytt og sliten når dagen er ferdig, fortell Ola. 


Alltid likt og jobbe med born 

Anjana Paudel (15) bruker dei tre dagane på og jobbe i barnehage i Ølensvåg. Her får ho være saman med borna, og ho finne litt meir ut av korleis det er og jobbe i barnehage. Grunnen til at ho valde akkurat barnehage, er fordi ho alltid har hatt lyst til og jobbe med eit yrke der ho får jobbe saman med born. 

- Dette er absolutt ein jobb eg kan tenkje meg og jobbe med seinare i livet. Eg har alltid hatt ei interesse for barn, og har alltid likt og være saman med barn, frå eg var liten sjøl. Eg har ikkje hatt så mange utfordringar til no, men det kan hende at det dukker opp i løpet av desse tre dagane, fortel ho. 

Joachim Lothe og Victoria Eikesdal ynskjar og arbeide saman med barn og ungdom.

Victoria Eikesdal (15) og Joachim Lothe (15) valde også og jobbe i barnehage, men dei valde Ølensjøen FUS barnehage. Dei hadde lyst til og sjå korleis det var og jobbe i barnehage, då dei ønsker å jobba med dette seinare også. 


- Eg ønsker og jobbe med barn og ungdom, fordi eg syns det er fascinerande og arbeide med barn, og være med og sjå korleis dei utviklar seg, seier Joachim. 

Begge to ønsker og jobbe med barn og ungdom, men dei er ikkje heilt sikre på om det er akkurat barnehagelærar dei vil bli, men noko innanfor dette området. 

 - Eg kunne godt jobbe som barnehagelærar, fordi det er artig og dei manglar menn innan for dette yrke, men det vippar mellom vernepleiar, og barn- og ungdomsarbeidar, fortel Joachim. 

Dei er begge einige om at ei utfordring ved å vera barnehagelærar, er at dei alltid må passe på kva ungane gjer, og at ungane fort blir påverka av kva dei vaksene gjer, så dei må passe på kva dei seier og gjer. 

Pc- og kontorarbeid

Joakim Hole (15) valde og bruke dei tre dagane i jobb på Omega. Der får han oppgradere PC-ar. Han hadde lyst å jobbe der, sidan han hadde erfaring frå jobbdagar der tidlegare. 

- Eg syns jobben er intressant og kjekt, og eg kan trivast med dette seinare i livet også, seier Hole.

Han trur han kan få nyttig erfaring frå jobben med PC-ar frå desse dagane.

Erlend Søraas Genberg ville helst ha ein praktisk jobb utanfor kontoret. Då fall valet på Sirius Shipping i Ølensvåg. 

Praktisk arbeid 

Erlend Søraas Genberg (15) brukar arbeidsveka si på og jobbe for Sirius Shipping. 

- Eg syntes det er spennande og jobbe her, og eg kan godt tenkje meg og jobbe innanfor dette, fordi det er mykje meir praktisk arbeid, der eg får brukt hendene og jobba aktivt. Ikkje berre sitte i ro på eit kontor heile dagen, seier Erlend. 

 Erlend får mykje praktisk arbeid, medan han arbeidar på Sirius Shipping. Han får mange ulike arbeidsoppgåver. Mellom anna fekk han vera med på å flytta ei brygge. 

- Det er på slike jobbar, ein får prøva seg på praktisk arbeid, seier han. 

Arbeider med tal 

Emma Heggebø (15) har jobba innanfor regnskap, på Heggebø regnskap. Her får ho forskjellige oppgåver, som kontorarbeid, og regnskapsføring. Ho lærer stadig nye ting på denne jobben. 

- Det kan bli slitsomt med at du alltid jobbar med tal, og du kan bli lei om du jobber med det i ein lang periode, seier ho. 

Dette kan være ein jobb som ho kan trivast med seinare, fordi ho intresserer seg for regnskap og tal, og ingen dagar er like. Ho får stadig nye utfordringar, og utfordrande oppgåver ho må løysa.

Hanna Berge har fått prøva seg på arkivering og sal hjå Berge Sag. 

Arkivering og butikk 

Hanna Berge (15) jobbar i butikken og på kontor på Berge Sag. Der arkiverer ho, setter på plass varer, og arbeidar på data. Her lærer ho mellom anna korleis det er og stå i butikk, og snakke og hjelpe kunder. 

- Eg kunne ikkje tenkt meg og jobbe i butikk, men kankje på kontor, fordi det kan bli utfordrande og hjelpa og selga til kunder, fortel ho. 

 Arkivering er ein av oppgåvene Hanna får. Grunnen til at ho valde Berge Sag, er fordi det virka interessant, særskilt fordi ho er interessert i sal og service.


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details