Kan bli årets bedrift

Tveit Regnskap kan stikke av med den gjevaste næringsprisen i regionen 6. mars. Rekneskapskontoret i Skjold er nemleg nominert til Årets Bedrift av Næringsforeningen Haugalandet.

Tidlegare vinnarar

  • 2018: Geminor
  • 2017: Steinsvik-Gruppen
  • 2016: Hatteland-gruppen
  • 2015: Ølen Betong
  • 2014: Marine Aluminium
  • 2013: Østensjø Rederi
  • 2011: Sysco
  • 2010: Bremnes Seashore
  • 2009: Westcon
  • 2008: Knutsen OAS Shipping
  • 2007: Kystdesign
  • 2006: Solstad Offshore
  • 2005: DeepOcean

- Veldig kjekt å bli nominert til Årets bedrift. Eit aktivt næringsliv og flinke medarbeidere er heilt avgjerande for den utviklingen og veksten vi har hatt. Tveit Regnskap er ikkje av dei aktørane som kan skilte med svære kontrakter og wow-faktorer. Men vi er stolte av å kunne vise 50 år med vekst og positive resultat, så derfor litt ekstra kjekt å bli lagt merke til, fortel dagleg leiar i Tveit Regnskap, Jarle Haugen. 

Kriteria for nominasjonen til prisen er at selskapet må ha hovudsetet sitt på Haugalandet, ha eit godt økonomisk fundament og ei god økonomisk utvikling. Dei må være leiande og/eller nyskapande på området sitt, være aktiv som nettverksbyggjar i regionen og ha fokus på berekraft.

-Gjennom møte og faglege nettverkssamlingar spreier selskapet kunnskap til kundane, samtidig som Tveit hjelper lokale lag og foreiningar med økonomisk støtte. Det er ikkje mange selskap som kan visa til 50 års samanhengande drift. Tveit Regnskap er ein sterk, lokal aktør med flust av kompetanse og ressursar og med eit brennande engasjement for utvikling av lokalsamfunnet dei er ein del av, heiter det i grunngjevinga til juryen. 

Prisen blir delt ut på Haugalandskonferansen i Haugesund 6. mars. Dette er den 15. gongen prisen deles ut. 

Tveit Regnskap feira i fjor 50 år etter å ha blitt starta opp av Jarle Tveit i 1969  og er i dag Noregs åttande største rekneskapskontor. Frå starten på Liaheia er familiebedrifta bygd opp stein på stein. Hovudkontoret er framleis i Skjold, men Tveit har 19 avdelingskontor med 217 tilsette spreidd over heile Sørvestlandet. Konsernet hadde i 2019 ei omsetning på 200 millionar kroner og har gått med overskot i alle år.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details