Les også
– Dette er ein merkedag for oss, og me var særs spente då me følgde direktesendinga klokka seks om morgonen, fortel Sindre Matre, CEO i Arriva Shipping.
– I skipsbygging er det fire milepælar. Den første er stålkuttinga, den andre er kjølstrekkinga og den tredje er sjøsettinga. Siste milepæl er levering og me håpar det skjer om 5-7 månadars tid, fortel Matre.
Nybygget Nor Viking, er det største miljøprosjektet til Arriva så langt. Det er eit optimalisert bygg der hovudmotoren er bygd i samsvar med EU sine krav om utslepp, i tillegg er det lagt opp hybridløysing, batteripakke og ein elektrisk gravemaskin. Totalt vil ein oppnå ein utsleppsreduksjon på om lag 40 prosent med desse løysingane.