Tøff tid for næringslivet

-Det blir ei tøff tid framover for lokalt næringsliv, meiner Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening. Verksemder som tilbyr trening, frisør, hudpleie eller massasje blir stengt ned frå i kveld på grunn av den auka korona-risikoen.

-Norge blir nå sett på ein stor prøve. I perioden framover vil alle få ein annleis kvardag. Dei tiltaka me set i gang i dag håpar me vil stoppe viruset, me ser at viruset smittar når folk samlast og er tett på kvarandre. Alle landets innbyggarar må no bidra i ein dugnad for å hindre vidare spreiing, uttalte statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse tidlegare i dag.

I tillegg til nemnde næringar blir også alle barnehagar, skular, vidaregåande skular, høgskular og universitet stengt ned. Alle kulturarrangement og idrettsarrangement stoppar også opp. Serveringsstadar må legge til rette , blant anna slik at det blir ein meters avstand mellom gjestene.  

- Dette blir tøffe tider, men eg er sikker på at me vil kome oss gjennom det, uttalte Solberg.  

Asbjørn Moe er samd i at tida framover blir særs utfordrande for næringslivet. Han har i dag hatt kontakt med mange lokale bedrifter som er usikre på korleis vekene og månadane framover blir.  

- Dette er i utgangspunktet ein periode med stenging på to veker, men dette kan sjølvsagt bli utvida. Dette blir hardt og brutalt for mange bedrifter, og det blir spanande å sjå kva løysingar ein kjem på bordet med i morgon.

- Ein ting er jo dei som er pålagt å stenge ned, som frisørar, men uavhengig av det blir det tøft for mange. Det er ingen vits i å ha open kafe dersom ingen kjem for å handle.

Regjeringa kjem tilbake med krisepakke for næringslivet i morgon, fredag.

- Det som kjem i morgon kjem ikkje til å redde dagen for bedriftene, men det kan bli tiltak som gir ein form for kompensasjon til dei bedriftene som tar den største trøkken, meiner Moe.


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details