- Me har framleis litt å gjere i samband med ombygginga av Safe Scandinavia og med reparasjonar og vedlikehald av pumper, vinsjar, motorar og liknande til ferjer og båtar som ligg ved kai eller i dokk her i Ølensvåg, men har òg kapasitet til andre oppdrag, fortel Bjarne Lunde, som er bas i maskinverkstaden der rundt 20 mekanikarar er i arbeid.
- Det er ikkje til å kome bort frå at marknaden innan olje- og gassnæringa har vore betre enn i dag. Mindre aktivitet retta mot denne næringa gjer at me har fått meir kapasitet å tilby til andre kundar, seier Lunde.
Mannskapet i maskinverkstaden er fagfolk med bakgrunn frå transport, landbruksmekanikk og mekanikarar som har gått gradene frå lærling til fagarbeidar i bedrifta. Fleire av dei har fagbrev i fleire fag.
- Me tilbyr kompetanse og utstyr til dei som måtte trenge vedlikehald og reparasjonar, og me kan ta på oss det meste av reparasjonar og vedlikehald av alt frå gravemaskinar til større landbruksmaskinar, fortel Lunde, som mellom anna ser ein marknad der bønder og andre har måtta skaffa seg servicetenester langvegsfrå når tilbodet ikkje har vore tilgjengeleg lokalt.
Westcon er ikkje komne skikkeleg i gong med det lokale tilbodet, men jobbar i desse dagar med ei brosjyre dei vil bruke til å spreie meldinga om tenestene, kompetansen og utstyret dei har å tilby lokalmarknaden.