Tilbyr kurs og coaching

Ålreit Coaching & kompetansesenter inviterer til informasjonsmøte i Ølensvåg 29. august om haustens kurs– og studieprogram.


Ålreit er eit coaching- og kompetansesenter som tilbyr kurs og utdanning innan coaching i Bergen og på Haugalandet. Fokuset er på coaching innan sjølvutvikling og kommunikasjon både for privatpersonar og for leiarar i næringslivsroller.

- Informasjonsmøtet er like aktuelt for foreldre som bedriftsleiarar. Det blir eit generelt og uforpliktande møte om utdanningane me har til hausten, fortel dagleg leiar i Ålreit Coaching & kompetansesenter, Jan Otto Hovda.

Informasjonsmøte med Ålreit Coaching

  • Når: 29. august, kl 17-19
  • Kvar: Medvind Næringshage i Ølensvåg, møterom "Orkan"
  • Program: informasjon om haustens kurs- og studieprogram frå Ålreit Coaching & kompetansesenter
  • Påmelding her

Informasjonsmøtet som finn stad på Medvind Næringshage i Ølensvåg, er eit uforpliktande, gratis møte om studieprogramma og korleis ein jobbar i desse programma.

- Alle er velkomne, ein treng berre vere nysgjerrig på kva dette er for å stille. Ingen førehandsinformasjon er nødvendig, legg han til vidare.

Ålreit i kontorfellesskapet

I april i år flytta Ålreit Coaching & kompetansesenter inn i kontorfellesskapet i Medvind Næringshage i Ølensvåg. Frå Ølensvåg vil dei kunne tilby tenestane sine i større grad til marknaden i Vindafjord enn dei før har gjort.

- Her blir me sentralt tilgjengelege, og det blir enklare å møte personleg, seier Hovda som i utgangspunktet skal vere på kontoret i Ølensvåg to arbeidsdagar i veka.

Kva er coaching?

  • Coaching er ein målretta prosess mellom trenar og individ.
  • Målet er at individet skal gjennom ein utviklingsprosess frigjere sitt potensial.
  • Coaching kan bli utført mellom trenar og individ, eller i større grupper.
  • Med ein coach kan ein jobbe opp mot utfordringar innan jobb, personleg utvikling og saman som grupper.

Medrekna dagleg leiar, Jan Otto Hovda, er det fire tilsette i bedrifta som årleg gjennomfører både studieprogram og kurs innan coaching. Dei har alle utdanning som coachingtrenarar og har sertifiseringar innan coaching frå Den Norske Coachforening. 


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details