Til sals!

På jakt etter ein sentrumsnær eigedom, eller gira på å utvikla noko i Ølen sentrum? Vindafjord kommune legg nå ut tre større, sentrale kommunale eigedomar for sal.


Revehall-tomta, det gamle kommunehuset og brannstasjonen i Ølen kjem snart på marknaden. 

Kommunen har sett meklar på saka og eigedomane vil truleg bli lagt ut for sal i løpet av august. 


- Me brukar i dag bygga på to av desse eigedommane, men i løpet av 2018 flyttar me  ut av desse, og ønskjer selja tomtene med bygga slik dei står. Dette er flotte og sentrumsnære eigedommar der me ønskjer at nokon skal skapa aktivitet og utvikla attraktive bu- eller næringstilbod, seier samfunnsutviklar i Vindafjord kommune, Erik Baust. 

Det gamle kommunehuset er i dag nytta av kulturskulen, som vil flytta inn i det nye kultur- og læringssenteret når det står ferdig, etter planen i løpet av hausten 2018. 

Brannstasjonen vil også vera i bruk fram til ny stasjon står klar våren 2018. Den gamle livdyrfjosen blir i dag leigd ut til lag og foreiningar, men blir også seld med som del av eigedommen. 

Revehall-tomta står klar for sal slik den er i dag. 

- Det har vore mange idear om korleis revehalltomta kan brukast, og fleire har vist interesse for å utvikla noko her, utan at det har ført fram til nå. Men me ser for oss at det her kunne vore aktuelt med ein type kombibygg, gjerne med næring på bakkeplan og bustader i etasjane over, seier Baust. 

Det kjem likevel ikkje til å bli lagt noko føringar for salet av eigedommane, det viktigaste er at det blir skapt aktivitet og utvikla attraktive område i Ølen sentrum. 

- Alle desse eigedommane er regulerte for sentrumsføremål, det vil sei anten sentrumsnære bustadbygg eller næringsverksemd. Me har tidlegare blitt kontakta av interessentar både når det gjeld revehalltomta og brannstasjonen, og trur det vil vera spanande moglegheiter for dei som ønskjer å bidra til eit endå meir levande sentrum ved bruk av desse eigedommane, seier Baust.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details