Tidlause menneskemøte

Han diskuterer stadig med seg sjølv om han kan kalle seg kunstnar. Den pris-vinnande fotografen Jan Nordtveit (59) meiner menneskemøta er det aller viktigaste med jobben, i år kan han markere 20 år bak kameraet.

- For meg handlar det om å treffe folk, snakke med dei og få lov til å kome innpå dei med kameraet. Eg likar folk, seier fotografen.

Hjå Jan Nordtveit i Imsland er det ikkje store ord, klisjear eller dei nyaste trendane som er det viktigaste. Eit godt bilete skal derimot vere nært, ekte og gi sjåaren noko å tenkje på. Det er ikkje den tekniske interessa som driv arbeidet. Han kan jobben sin og veit korleis kameraet skal jobbe på lag med han, men det er interessa for personen framfor kameraet som er drivkrafta. Alle historiene som ligg i eit eldre ansikt, hjå eit lukkeleg brurepar eller i auga til ein nyfødd unge. Jan er glad i variasjon, reportasjedag blant arbeidskarar og skitne kaffikoppar eine dagen, bryllaupsbilete og skulefotografering neste dag.

- Det må vere ei nerve i bildet, det må formidle noko, meiner Jan bestemt. Bak dei knallblå brillene lyser det av skaparlyst og kreativitet. Det er så mange bilete som kan bli unike, men ein treng ikkje alltid gjere det same som kollegaene. Det handlar om å skape noko tidlaust.

Kvardagen i bestestova

Image

Bonden som er på sauesamling fekk gull i landskonkurransen til Norges Fotograforbund. Biletet er tatt som reportasjebiletet i Bondevennen.

Jan Nordtveit stegar over straumleidningar og ryddar veg innover i studioet han har i Imsland. På bordet i sofakroken ligg bildealbum i alle storleikar og langs veggen står rammer på rekke og rad.

- Me får setje oss i bestestova, seier han og ler godt medan han han hentar kaffi. Det er også her kundane er inne på visningstimar, og får gode råd om kva bilete som bør henge på veggen heime.

I bestestova på kontoret heng eit bilete av ein eldre FN-soldat med verdskartet bak seg og store arbeidshender liggande folda på eit bord. Tett i tett på veggen heng også brureparet som feirar dagen sin i kapp med vintersola som stråler, og midt mellom dei alle ei lita jente som markerer 1-årsdagen med tur til fotografen.

Etter nokre år med kontor og studio i Sandeid og Vikedal er ringen slutta, og Jan har kome attende til Imsland, der alt starta. I mange år jobba også kona Reidun i firmaet, no har ho skifta jobb og er til dagleg hjå Ølen Møbel. Dermed må Jan ta seg av alt frå booking av timar, fotografering, redigering og fakturering. Han har ikkje alltid drøymt om å bli fotograf, langt derifrå.

Konfirmanten og Fjelstad

Som ungdom var han derimot interessert i fuglar. Han kunne sitje i timesvis og sjå på fuglar, dokumentere dei og lese om dei. Jan skulle ta opp arven etter naturfotografen og NRK-journalisten Sverre Fjelstad. Konfirmasjonspengane gjekk med til kamuflasjetelt, sovepose og dyrt kameratustyr.

- Eg reiste inn til Imsland, tok alt dette på ryggen og skulle ut i skogen for å ta bilete av fuglar. Eg ante jo ikkje kva eg dreiv på med, ikkje hadde eg peiling på kamera og aldri hadde eg sove i telt før.

Etter som kvelden gjekk vart Jan livredd. Ute var det ugler som han trudde skulle  kome gjennom teltduken. Og etter ei natt med særs lite søvn kom mor på besøk med frukost.

- Når ein er naturfotograf i villmarka slik skal ikkje mor kome innom for å sjå korleis det går. Det blei heilt feil, fortel Jan og ler så heile kroppen ristar.  

Det blei aldri fleire turar i telt med kamera, Fjelstad-draumen var knust. Men fotointeressa vart verande der. Jan tok bilete av natur, menneske og livet rundt seg. Han fann interesse i å arbeide i mørkerommet og etter kvart kom spørsmåla om han ikkje kunne ta bilete i bryllaupet, i konfirmasjonen eller av familien?

Image

Bjørn Mo er ein av bøndene som Jan har fotografert til ei planlagt utstilling som heidrar heiltidsbøndene.  

- Det var ikkje slik at eg bestemte meg for at nå skal eg bli fotograf, det berre blei slik.

Heidrar heiltidsbonden

Jan er fødd i Stavanger men flytta til Tau når han var sju år. Garden i Imsland overtok han etter ein onkel, bygda i Vindafjord har alltid vore heime. Jan satsa som bonde, bygde hus, dyrka med gravemaskin og bygde fjøs. Etter kvart starta han det første fotostudioet i kjellaren heime, og det kom ei tid der ein måtte velje noko bort.

- Eg lengtar tilbake til dyra, det var aldri slik at eg vart lei av å vere bonde. Men eg måtte ta eit val, eg kunne ikkje gjere like mykje av begge deler.

Respekten for bonden, dyrevelferd og alt arbeidet som ligg bak grøne ekrer ligg der framleis. I dag planlegg han fotoutstilling med portrett av heiltidsbonden, ein hyllest til dei som legg ned heile arbeidsdagen på garden. Eit av dei første bileta i serien viser ein bonde som held eit daudt lam etter føtene medan han lener seg over ei grind. Bileta av bøndene skal ikkje vere eit romantisk glansbilete, her handlar det om å vise fram realistisk kvardag.

- Dette prosjektet må eg gjennomføre no, medan det framleis finst heiltidsbønder, seier Jan og kikkar ut i lufta. Meiningane om samfunnsstruktur, politikk og næringsliv er mange. Sjølv har han i tillegg til å vere bonde arbeidd som både anleggsarbeidar og skogsarbeidar. Erfaring frå allsidig næringsliv er godt å ta med seg inn i fotojobben.

Den eine av dei tre sønene har planar om å ta over garden, men er usikker på kva han skal drive med.

Målar med lys

Image

Bryllaupsbilete treng ikkje alltid vere klassiske. Somme gonger kan ein godt overraske litt, meiner Jan

Image

Erik Nærheim spelar mektige tonar blant høge hus i Oslo.  

På bordet ligg planane om ein fotojobb Jan snart skal ut på hjå Rogaland Teater. Han veit ikkje så mykje ennå, berre at det skal vere middag med dødning-skallar på bordet. Jan har jobben klar, han skal fange augneblink, stemning og dei små detaljane. Han kan forsvinne inn i lyssetjing, komposisjon og fargar, og lyset er det som målar sjølve grunnlaget for biletet.

- Lyset er viktig, og ein vitskap i seg sjølv, meiner Jan. Han er glad i å reise på kurs, og lære meir. Han er grunnleggande glad i å utvikle seg, og glad i kvalitet. Han likte godt å jobbe i film, kvaliteten var annleis då sjølv om ein ikkje kunne ta tusenvis av bilete i eit bryllaup og ikkje visste om det gode biletet var med heim frå jobb. Likevel var det meir verdi i biletet då, og kanskje og meir alvor. Heldigvis har han aldri gått tom for batteri eller kome heime frå eit bryllaup med eit øydelagt minnekort. Slike dagar kan ikkje arrangerast på nytt, her har du berre ein sjanse.

Gjennom 20 år har han treft mange interessante menneske, han har fotografert kunstnar Oddvar Torsheim heime i stova i Førde, og Waldemar Svortevik frå Imsland som har andlet med linjer av levd liv, han har og tatt bilete av saksofonist Erik Nerheim som spelar midt mellom høge byhus i hovudstaden.

- Det klassiske biletet passar mange, men slett ikkje alle. Ta brurepar til dømes, dette er eit flott bilete syns eg, mens mange vil påstå det slett ikkje er eit brurebilete i det heile, seier han og viser fram eit biletet av brudgomen som sit på ein hest medan brura spring forbi med ei hagle i handa, så er det opp til den som ser biletet og tolke kva som skjer i minuttet etter at biletet er tatt.

Møte gav kunstprosjekt

Jan kjem raskt i kontakt med folk. Ein tilfeldig prat kan føre til så mangt. I desse dagar er han i ferd med å realisere eit kunstprosjekt saman med Stig Erling Ørland. Dei traff kvarandre då Jan skulle handle klede i butikken han dreiv i Stavanger. Etter kvart vart det samtalen og biletkunsten som vart det viktige, kleshandelen kom i andre rekke. No skal kunstnaren jobbe med bileta til Jan, og setje tekst til det ferdige uttrykket. Jan har opplevd eit prisdryss dei siste åra og veit at det betyr litt kva andre meiner om det som blir skapt.  Han kjenner seg stolt over prisar som Årets fotograf i Rogaland, Daguerprisen og Årets portrett i landskonkurransen. Like kjekt som pris-heideren er nettverket som fylgjer med, å få lov til å sitje i juryar, bedømme andre sine bilete og dele erfaringar med gode kollegar over heile landet.

- Er du kunstnar?

- Eg føler meg som ein kunstnar når eg tar bilete som skal henge på veggen, og som eg sjølv meiner er gode kunstbilete. Men når folk kjem innom og bestiller foto så er eg meir fotograf enn kunstnar, trur eg. Det er eit vanskeleg spørsmål, kva er eigentleg kunst?

 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details