Testa arbeidslivet
Denne veka har 10.klassingar frå Ølen skule prøvd seg i arbeidslivet. Mange av dei har allereie funne yrkesvegen dei vil satsa på vidare.
- Bilde og tekst av Nora Berge og Madeleine Matre, 10. klasse-elevar på jobb i Medvind24
Kvar haust får 10.klassingane ved Ølen skule prøva seg på på ein heilt vanleg jobbkvardag. Dei får sjølv velja kor dei vil jobba, og er å finna på ei rekkje arbeidsplassar i Vindafjord denne veka. Her møter dei både ein interessant og utfordrande arbeidskvardag. Medvind24 har tatt ein prat med nokre av elevane på arbeidsplassen deira.
- Vil jobba med born
Celina Grønstad (15) og Jakub Bryczkowski (15) har fått seg jobb på Vågen skule. Her arbeider dei på småskulen, saman med dei minste barna på skulen.
- Me kunne godt tenkje oss å arbeida på skule i framtida også, sjølv om det følgjer nokre utfordringar med jobben, som å få borna til og høyre etter og følgje med, for eksempel, seier Bryczkowski.
Ola Ur Haugen (15) og Frida Hundhammer (15) brukar også dei tre arbeidsdagane på skule. Begge to ønskjer å bli lærarar, og nokre dagar på Ølen skule verka interessant for dei begge.
- Det er kjekt å vera saman med borna, og hjelpa dei å læra. Men det kan også vera ein slitsom jobb, fortel Haugen.
Anjana Paudel har alltid ønska seg eit yrke der ho får jobba med born. Difor valde femtenåringen barnehagen i Ølensvåg som arbeidsplass.
- Dette er absolutt ein jobb eg kan tenkje meg seinare i livet. Eg har alltid hatt ei interesse for barn, og har alltid likt og være saman med barn, fortel ho.
Victoria Eikesdal (15) og Joachim Lothe (15) valde også og jobbe i barnehage, og er i full sving i Ølensjøen FUS barnehage. Begge to ønsker og jobbe med barn og ungdom, men dei er ikkje heilt sikre på om det er akkurat barnehagelærarar dei vil bli.
- Eg ønsker og jobbe med barn og ungdom, og det er interessant å få vera med å sjå på korleis dei utviklar seg her i barnehagen. Eg kunne godt tenkt meg å bli barnehagelærar, både fordi det er artig og dei manglar menn innan for dette yrke. Men nett nå er eg usikker på om eg vil bli vernepleiar eller barn- og ungdomsarbeidar, seier Lothe.
Frå PC-oppgradering til bryggeflytting
Joakim Hole (15) har valt Omega som arbeidsplass denne veka. Her har han vore på jobbdagar tidlegare også, og trur han kan få nyttig erfaring frå jobben på Omega.
- Eg jobbar med å oppgradera PC-ar, og det er både interessant og kjekt. Eg kan godt trivast med jobba med dette seinare i livet også, seier Hole.
Erlend Søraas Genberg ville helst ha ein praktisk jobb, og helst ikkje på kontor. Difor fall valet på Sirius Shipping i Ølensvåg.
- Eg syntest det er spennande og jobbe her, og eg kan godt tenkje meg og jobbe med noko som dette seinare også. Det er kjekt å bruka hendene og jobba aktivt, ikkje berre sitje i ro på eit kontor heile dagen, seier Genberg.
Kundeservice og kontorarbeid
Emma Heggebø (15) bruker jobbdagane på kontorarbeid og tal hjå Heggebø Rekneskap, der ho stadig lærer nye ting.
- Eg likar godt å jobba med tal, og her har eg fått mange nye utfordringar. Ingen dagar er like. Men det kan bli slitsamt å berre jobba med tal over ein lengre periode også, seier Heggebø.
Hanna Berge (15) har fått prøva seg på arkivering og sal hjå Berge Sag, der ho har arbeidd i butikken og på kontor.
- Eg valde Berge Sag fordi eg er interessert i sal og service. Her har eg mellom anna fått prøva meg på å vera butikkmedarbeidar og jobba på kontor, fortel Berge.