Trenar idrettseliten
Idrett gjekk for alvor frå å vere fritidsaktivitet til karriere då Frank Heggebø (35)frå Ølen skulerte seg innan idrettspykologi og idrettscoaching ved Norges Idrettshøgskole. Nå jobbar han med toppnivået i norsk idrett ved Olympiatoppen i Oslo.
Han sit framoverlent på stolen og kviler olbogane på bordet framføre seg på eit av møteromma på Medvind Næringshage. Henda kviler i kvarandre etter ein runde med engasjert gestikulering. Denne dagen er han heime i Vindafjord grunna planleggingsdag i barnehagen i Stavanger, og det var greitt å kunne levere 3-åringen hjå besteforeldra i Ølen medan han sjølv tok plass på eit av pendlarkontora på Medvind i Ølensvåg.
- Me må tåle fasane i livet og kontrollere bekymringar meir enn å prøve å kontrollere alle aspekt av livet, seier han engasjert og understrekar at balansen mellom kontroll og tilfeldigheiter er like viktig i toppidrett som der er i det daglege med familie og jobb.
Dagleg møter den utflytta Ølensbuen toppsjiktet av norske trenarar og utøvarar som pressar seg til det ytterste innan idrettane sine. Med sin bakgrunn innan idrettspsykologi jobbar han både opp mot landslag og trenarteam. Der ligg fokuset på leiarskap, og det å støtte og kvalitetssikre, vere ein fagleg sparrings-partner, og bygge grunnlag for prestasjonsutvikling.
Med ein gong trenarar slepp seg nedpå, ser me at laget blir dårlegare.
- Me må leve litt som me lærar, og vere forberedt på dynamikk heile vegen. Difor jobbar me ofte dynamisk, altså der skoen trykker, og ser på kva me må forberede oss mot. Nå er det OL som er i størst fokus.
Sjølv følg han trenarane og landslaga gjennom sesongane, noko som krev at han ofte er ute på reis og samlingar. Saman med kona Agnethe og sonen held dei base i Stavanger, noko pendling til Oslo blir det difor for Frank.
Idrettsglede
Idrettsinteressa til Heggebø vart tidleg dyrka fram i eit breitt idrettsmiljø i Vindafjord saman med aktive foreldre og vener.
Det var ikkje fokus på å bli god, men å gjere ting saman. Det var formande, og me var mange som likte godt å drive med mange forskjellige idrettar.
- Det var mykje aktivitet, men føltes aldri mykje fordi det var så variert, smiler han.
Idrettsmiljøet gav meirsmak, og han tok opp forskjellige trenarposisjonar, spesielt innan langrenn. Samla sett kan han skilte med 14 år med erfaring frå trenarjobbar.
Frå hobby til jobb
Idrett blei til karriere då han tok mastergrad innan idrettspykologi og idrettscoaching ved Norges Idrettshøgskole. Ikkje mange åra etter var han i jobb ved regionskontoret til Olympiatoppen i Stavanger der han pendla mykje til hovudkontoret i Oslo, og var med på diverse trenarsamlingar både innanlands og utanlands.
For min del har det vore avgjerande å jobbe godt der ein er og lære mest mogleg, for så å gripe nye moglegheiter når dei dukkar opp.
Påstanden tuftar han på erfaring han sjølv har gjort seg. I tillegg til ei rekke trenarjobbar, var han ein periode innom læraryrket heime i Vindafjord og Etne. Omstrukturering i skuletilbodet gjorde at han søkte seg andre utfordringar og familien flytta til Stavanger. Der kom han tilbake i Olympiatoppen, men denne gongen med enno tettare samarbeid med Oslo-kontoret.
- Nå er det berre å kromma nakken og driva på vidare, seier han med glimt i auga.