– Kva meiner du er det viktigaste for å vidareutvikla næringslivet i Vindafjord og Etne?
Stortingsvalet 2021: Mímir Kristjánsson (Rødt)
- I september er det nytt stortingsval! Me har spurt topp-kandidatar kva dei meiner er dei viktigaste sakene for regionen i denne valkampen
- I dag: Mímir Kristjánsson
- Aktuell 1. kandidat for Rødt i Rogaland
- Alder: 35
- Kjem frå: Stavanger
- Dei viktigaste sakene for partiet: Redusere forskjellane mellom fattig og rik i Noreg
– Det er å sikre gode vegar, gode offentlege tilbod og at me beheld offentleg kontroll over naturressursane våre. Me lever stort sett av naturen i dette landet, og då må det bli slutt på at utanlandsk storkapital kan kome inn og forsyne seg av norske naturressursar.
– Kva meiner du skal til for å gjera det meir attraktivt å bli gründer Vindafjord og Etne?
– Det avgjerande er at det er gode nok velferdstilbod og gode nok vegar til at ein kan bu med familien sin i Vindafjord og Etne, og andre distriktskommunar. Då får gründerar også fridom til å satse.
– Vil de jobba for fullfinansiering av ny E134 gjennom Vindafjord og Etne?
– Ja, det vil me. Det må bli slutt på at me prioriterer motorvegar inn og ut mellom Oslo og Bærum framfor skikkelege vegar i distrikta. Me vil også bygge Saudatunnelen for å binde regionen betre saman.
– Bør det setjast ein sluttdato for olje- og gassleiting ?
– Nei, det bør det ikkje. Det gir inga meining å stenge ned oljeproduksjonen på ein bestemt dato.
– Korleis vil de sikra betre rekruttering av fagfolk til distrikta?
– Me vil snu sentraliseringspolitikken. Under denne regjeringa blir alt i distrikta slått sammen, nedlagt eller flytta. I staden må me flytta statlege arbeidsplassar ut av dei store byane.