Jobben som reddar liv

Ved Haugaland Brann og Redning IKS er dei nå på utkikk etter fleire brannkonstablar. Eit knippe lokale damer fekk prøve seg på den fysiske opptaksprøven.

 

I brannvesenet i Noreg er kun tre prosent av brannkonstablane kvinner. På Haugalandet er 12 av 300 brannkonstablar kvinner. Informasjonskoordinator Morten Svandal opplyser om at det er behov for å få inn fleire gode kandidatar til stasjonane i Ølen og Skjold, og av erfaring ser dei at det er få kvinnelege søkerar når det lyses ut ledige stillingar som brannkonstablar.  Brannvesenet er overbevist om at det er kvalifiserte kandidater som ikkje søker, og vil gjere noko med det. Derfor arrangerer dei informasjonkvelder spesielt retta mot kvinner, slik at dei som er nysgjerrige kan få svar på sine spørsmål og får bekrefta eller avliva myter.

- Ei av mytene er at den fysiske testen er så hard at det er kun godt trente og atletiske kvinner og menn som klarer denne. Me vil vise at me stiller krav til de som skal bli brannkonstabler hjå oss, men at det ikkje bare er fysiske krav som skal innfris. Ved brannstasjonane i Ølen og Skjold har me per nå ingen kvinnelege brannkonstablar, fortel Morten Svandal ved Haugaland Brann og Redning IKS.

Søker gode kandidatar

- Det at damer søker stilling hjå oss er ikkje det viktigaste, me treng først og fremst gode brannkonstablar. Me treng folk som er tilgjengelege på dagtid, på kveldstid og i helger. Det at kvinner ikkje søker, gjer at me mistar mange gode kandidatar, seier Svandal.

For å vise litt kva nivå som er nødvendig for å bestå testen utfordra brannvesenet dei tre lokale damene Merete Vårvik Matre, Helene Haukland og Johanne Eskeland til å gjennomføre opptaksprøven til røykdykkar utan å forbrede seg for mykje. 

Gjennom testen blei det målt blodtrykk og fysisk styrke. Det var totalt fire øvingar der dei blant anna skulle ha 18 kg på ryggen medan dei gjennomførte rask gange i stigning på tredemølla, armhevingar og knebøy.

Inviterer til damekveld

I forbindelse med bemanningsbehovet inviterer brannvesenet til informasjonskveld i dei to bygdene. 18. februar i Skjold og 19. februar i Ølen får ein informasjon om kva ein brannkonstabel gjer, kva krava for jobben er, kvifor brannvesenet ønskjer større mangfald i staben og kva som må til for å vere med på å ivareta tryggheit lokalt.

Informasjonskveld

- Me håpar at fleire interesserte vil kome og få informasjon om kva dette går ut på, og kanskje vurdere å søke på stillingane me har lyst ut, oppmodar Svandal.

Haugaland Brann og Redning IKS har lyst ut stilling som brannkonstabel på deltid. Stillinga er ei to prosent stilling og blir som regel ein tilleggsjobb. Ein kvalifisert søkar bur og arbeidar helst fem minutt avstand til den lokale brannstasjonen, har førarkort klasse B, snakkar norsk, har god helse og tilfredsstiller krava som røykdykkar, og har godkjent politiattest.

- Ein stor del av jobben vår er å ta vare på dei som direkte eller indirekte er påvirka av ulukka. Me er ofte dei første som rykkar ut og må vere klare til å både livreddande innsats, slukke brann, sikre skadestedet, og håndtere pårørande og involverte, legg Svandal til.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details