Stiftar Nerheim-selskap

Vindafjord kommune inviterer næringslivet inn i det nye utviklingsselskapet for næringsområdet på Nerheim. 17.januar blir det stiftingsmøte for selskapet.


Aksjeselskapet som skal ta seg av å utvikle det nye næringsområdet på Nerheim vart politisk handsama tidlegare i haust. Dermed er kommunen klar til å invitere næringslivet inn i arbeidet med å skape vekst og utvikling i det ferdig regulerte området på 100 mål. Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) håpar mange no vil vise interesse for å kjøpe seg inn i utviklingsselskapet.

- Det er eit stort potensiale i dette området som ligg midt mellom Sandeid og Ølen. Når ny vegtrase er på plass i framtida vil også plasseringa bli endå meir sentral, slår Vierdal fast og peikar til prosjektet om å legge ny trase av E134 frå Bakka til Solheim. Den nye traseen vart vedteken lokalt i Vindafjord og Etne i 2015, men prosjektet er framleis ikkje prioritert i Nasjonal Transportplan.

Opne dører

Næringsareal i Vindafjord kommune 

Ordføraren legg vekt på at det ikkje er kommunen si primæroppgåve å drive eigedomsutvikling, men å legge til rette for næringsområder der bedriftene kan få utvikla seg, og er difor avhengig av at bedrifter som ser vekstpotensiale på Nerheim no tar kontakt og kjem på stiftingsmøtet 17. januar kl. 14.00 - 15.30 på Rådhuset i Ølen. Samfunnsutviklar i Vindafjord kommune, Anne Sofie Sandvik, viser til at alle som er interesserte eller ynskjer å kjøpe tomt på Nerheim er velkomne til møtet. Dei som ynskjer det kan også ta kontakt i forkant for å få meir informasjon og sjå utkast til aksjonæravtale. Aksjeselskapet vil i hovudsak bestå av private aksjonærar. Omfanget av eigarrolla til Vindafjord kommune er avhengig av kor stor responsen blir i næringslivet, den blir uansett under 50 prosent.

- Det er viktig for at selskapet skal bli styrt av næringslivet sjølv, som me veit kan utvikle området i ein positiv retning. Det er også eit poeng at det er driv i selskapet frå dag ein, meiner Sandvik og viser til at samarbeidsselskap med både offentlege og private aktørar tidleg framsto som den beste løysinga for å kunne sikre ei god utvikling av området.

- På stiftingsmøtet kan også namnet til området bli eit aktuelt tema, i dag heiter det Nerheim Næringsområde, det er slett ikkje sikkert det er det namnet som skal vere med vidare, seier Anne Sofie Sandvik.

Kommune som katalysator

Ordførar Vierdal er oppteken av at næringslivet i Vindafjord er sterkt, og at mange bedrifter har ein eigen evne til å ekspandere ut frå den kjerneverksemda ein driv i botn. No ynskjer han og resten av kommunen at eit breitt spekter av bedrifter tar kontakt, næringsområdet på Nerheim kan passe for både dei som driv industri-, og næringsverksemd.

- Me skal fungere som ein katalysator og legge til rette for at bedrifter som ynskjer nytt eller større næringsområde skal finne gode alternativ. Me ynskjer ikkje å styre dette på sikt, men ta samfunnsrolla vår på alvor slik at bedriftene får gode moglegheiter, meiner ordføraren som også viser til at kommunen likevel har eit sterkt ynskje om grøn profil på næringsparkane sine i framtida.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details