Marita Grønstad driv dei populære klesbutikkane i Etne og får no Gaselle-status for rask vekst og utvikling. I Vindafjord kommune er det heile åtte bedrifter som får heidersmerket. Desse er: Jakob Hatteland Resources, Imsland Landhandel, Admmit, Vest Stål & Fasade, Bjarne Nordtveit, Vats Anlegg, Skeie Byggservice og Ølen Møbel.
Det er Dagens Næringsliv som kvart år kårar dei mest suksessfulle bedriftene i kvar kommune. Kriteria for å få statusen er å minst doble omsetnaden over fire år, levere godkjente rekneskap, omsetnad på over ein million kroner første året, positive rekneskapstal og at ein er eit aksjeselskap.