- Det har vore ein god start, men me ser for oss at det vil bli meir etter kvart. Så lenge som me berre er to er det ei grei oppdragsmengd. Målet i seg sjølv er ikkje å bli så mange, men me håpar å gjerne bli 4-5 personar i arbeid i selskapet, i tillegg til innleige, fortel Thor Olav Helgevold, som er dagleg leiar i Vest Stål & Fasade AS.
Kulde og stål
Som ein av grunnleggjarane og eigarane av MCE i Etne, har han dei siste 15 åra arbeidd for produksjonsbedrifta i Etne. Han er framleis på eigarsida i MCE, men valde i vår å satsa for seg sjølv saman med sonen Bjørn Steinar.
Bjørn Steinar arbeidde offshore i seks år før han starta Helgevold Kulde & Industri i vår, eit selskap han framleis vil driva ved sida av Vest Stål & Fasade.
Helgelandsvegen 27 husar nå både produksjonshall for Vest Stål & Fasade i tillegg til å vera verkstad for Helgevold Kulde og Industri. Far og son eig 25 prosent kvar av selskapet, der GL Prosjektservice AS på Kopervik er største eigar med 50 prosent.
- Mykje å rekna på
Primært er det industri og næringsliv Vest Stål & Fasade siktar seg inn mot, men også mot private kundar.
- Me leverer og monterer komplette stålhallar, stål til bygg, søyler, fagverk, rekkverk og trapper. Det er stort sett nærinsgslivskundar som har behov for desse produkta, men me tar sjølvsagt oppdrag for private også, seier Thor Olav.
På ordrelista så langt står omsorgsbustadene på Vea, stålhall for Imenco på Grinde og nytt legevaktbygg på Stord.
- Me arbeider med nye tilbod fortløpande. Det har vore ein roleg periode nå i ferien, men det er ein del å henta der ute. Det er ein forholdsvis stabil marknad, det offentlege går vanlegvis sin vante gang uansett tidene, fortel Helgevold senior, som har meir enn 40 års erfaring frå mekanisk industri.
Likevel merkast det at det er blitt fleire om beinet. Konkurransen om jobbane kjem stort sett frå selskap i Haugesund og Stord, og Vest Stål & Fasade er ein av dei få som leverer same tenester på Indre Haugalandet.
Den siste tida har også aktørar frå sør-fylket blitt meir markante i marknaden nord for Boknafjorden. Likevel er dei to nøgde med oppstarten, og har trua på enno meir aktivitet etter ferien.
- Oppdraga me har i dag er ikkje dei største, men likevel dei største me har kapasitet til å ta her. Framover ser for oss å bestilla prefabrikasjonsjobben utanlands, deretter ta oss av monteringa her heime, seier Thor Olav.