Spirafondet vil ha fleire søkarar frå Vindafjord

Etne Sparebanank sitt gåvefond Spira har 300 000 kroner som kan gå til prosjekt i Vindafjord. Fristen for å søka er forlenga ut helga, og banken ønskjer seg fleire Vindafjord-prosjekt på søkarlista.

Spirafondet har tidlegare støtta

  • Vindafjord Turlag sin nye turveg mellom Ølen og Etne: 100 000.-
  • Etne idrettslag sitt tribuneanlegg på kunstgrasbanen: 100 000.- 
  • Sandvolleyballarrangement for born og unge: 50 000,- 
  •  Pippifestivalen i Skånevik: 50.000.-
Søk her!

Etne Sparebank deler årleg ut 900 000 kroner frå gåvefondet Spira. Siste tildeling på 600 000 kroner blir gjort før årsskiftet, og 300 000 av desse kan altså gå til gode prosjekt i Vindafjord. 

Sidan 2016 har banken delt ut Spira-midlar til prosjekt og føremål i regi av lokale lag og organisasjonar i Etne og Vindafjord. Fritidstilbod retta mot barn og unge blir prioritert. 

Frist for å søkja er søndag 5.november. I kvar tildelingsrunden blir tre søknadar plukka ut som kandidatar til ei avstemming på Facebook. Deretter blir midlar tildelte etter kva prosjekt som får flest stemmer. 

 Nå etterlyser fondet endå fleire søknadar frå Vindafjord. Så dersom ditt lag eller organisasjon har store planar som kunne trengt pengestøtte, kan Spirafondet vera plassen å starta.  

Les meir om retningslinjer og søk her!

 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details