Kvar kjem du frå?
Skånevik
Korleis fekk du denne lærlingplassen?
Etter å ha vore på utplassering hjå Helgevold Elektro og Funtek, fann eg ut at jobb som «vanleg» huselektrikar ikkje passa meg. Eg hadde lyst til å prøve noko nytt så eg søkte, var på intervju og fekk jobben enkelt og greitt. Det var opphavleg ein anna fyr som skulle få lærlingplassen, men han fekk seg jobb i Equinor i staden, flaks for meg.
Kvifor valde du denne yrkesvegen?
Eg syns det var kjekkare å være industrielektrikar enn å vere huselektrikar. Her får eg gjere meir automasjon og mekanisk arbeid som passar meg betre. Eg hadde ikkje prøvd meg som industrielektrikar før eg fekk lærlingplassen, og eg angrar ikkje i dag. Eg trivst veldig godt.
Kva arbeidserfaring hadde du frå før?
Eg hadde utplassering i Helgevold Elektro i Skånevik i tillegg til Funtek som elektrikar. Eg er også oppvaksen på gard og der har det blitt ein del arbeid opp gjennom åra.
Kor i utdanningsløpet ditt er du nå?
Eg er nå i andre året som lærling.
Beskriv ein typisk arbeidsdag
Me gjer mykje forskjellig, men for tida startar eg med å kople knappar og styrespakar i kabinen på eit køyretøy som me lagar. Andre gonger fikser eg lys som er øydelagde eller så kan eg ta turen til MCE i Etne. Der trekk eg kablar til lastebilane deira.
Kva har du lært om jobben som du ikkje visste frå før?
Vanskeleg å sei, sidan der er så veldig, veldig mykje. Det eg vil trekkje fram er at eg har lært meir om korleis eit system på eit køyretøy fungerer i samanheng med straum og batteri.
Eg har også lært at det ikkje eg farleg å spørje. Det blir ein del spørsmål til arbeidsgivar på ting eg ikkje kan eller forstår, men eg har kjekke og flinke kollegaer som hjelp meg gjennom, det set eg pris på.