- Vestskog søkte om midlar til utviding av den gamle kaien, som var for liten til å handtera den store auken i uttak av tømmer i distriktet. Vi planla i første omgang å nytta den gamle kaien vidare, men tilstanden var for dårleg til at det var mogeleg. Løysinga vart å støypa ny kai over den gamle, seier Inga Apeland, logistikkansvarlig i Vestskog.
Lett tilkomst og stor lagringsplass
Kaien er no utvida frå knappe 20 meter til 50 meter. Det har gått med 150 tonn armering og 750 kubikkmeter betong, som er levert av Ølen Betong. Like viktig som kaien er tilkomst og lagringsplass. Arbeidet med å utvida av området med lagringsplass og tilkomst er det Byggservice AS frå Kvinnherad som har stått for.
- Før måtte tømmerbilane rygga og køyra att og fram for å få lossa tømmeret. No kjem dei greit til på den nye kaien. Det er lett å snu, eller dei kan bruka rundkjøringa som er komen på plass. Bakarealet et utvida slik at ein no kan leggja tømmer i eit tredje la, for så å lempa det fram når båten lastar. Det er i tillegg god plass til å leggja tømmer heilt bak, og dermed har ein god kapasitet til å handtera store drifter der tømmeret må vekk raskt, seier Apeland.
Doblar talet på anløp
Ny kai betyr at båtane kan fyllast med færre lasteplasser. Søndenåneset er ei vanskeleg hamn når vêret står på, og auken frå 20 til 50 m kaifront gjer at båtane kan legga til om det bles litt.
- Til no er det levert om lag 5.600 m3 med tømmer på den nye kaien. Uttak av tømmer har auka årleg i Vestskog. Tilveksten i skogen er større enn uttaket, så med denne nye kaien står me betre rusta til å handtera dei auka mengdene. Me reknar med eit årleg kvantum på 30.000 m3 på tømmerkaien. Det vil gje oss ein årleg spart terminalkostnad på minst ein halv million kroner. Årleg anløp har vore 12-15, og me reknar med ein auke framover til over det doble. Sidan kaien ikkje har bustadområder i nærleiken, kan den og ha døgnåpent, seier Apeland.
I hovedsak vil tømmeret komma frå Vindafjord og Suldal, men tømmer frå Sauda og Etne er og aktuelt. Det handlar om å legga til rette for mest mogeleg rasjonell tilkøyring av tømmer og lasting for båtane.
Fekk milliontilskot frå Landbruksdirektoratet
Kaien og lagringsplassen på Søndenåneset er eigd av Vestskog, og oppgraderinga har totalt kosta om lag 10 millionar kroner. Vestskog, Vindafjord kommune og Suldal kommune har bidrege med midlar, men brorparten av pengane kjem frå Landbruksdirektoratet.
- Med store mengder hogstmodent tømmer langs kysten, og svært dårleg infrastruktur for tømmerstransport mange stader, er trongen for oppgraderingar stor. Organisasjonen Kystskogbruket har i mange år jobba målretta og iherdig for å få auka bevilningar til infrastruktur i skogbruket. 46 millionar vart bevilga på statsbudsjettet i 2016, og omtrent halvparten av det i 2015. Søndenåneset har fått full uttelljing i høve til desse midlane, seier Gerd Inger Aarnes, sekretær for Rogaland Skognæringsforum.
>