Snart startar anleggsarbeidet her

I november startar arbeidet med den nye 3,3 km lange gang- og sykkelvegen på E134 mellom Ølen og Ølensvåg,


Gang- og sykkelvegen mellom kyrkja i Ølen og krysset ved bensinstasjonen i Ølensvåg skal stå ferdig i desember 2019. 

Prosjektleiar for den nye gang- og sykkelvegen Asbjørn Opedal (t.v) og kontrollingeniør Bjørn Brekke har kontor i Medvind-bygget i Ølensvåg,. 

- Alle eigedommar langs E134 mellom Ølen og Ølensvåg vil ha gode tilkomstvegar til ei kvar tid under arbeidet. Nokre av tilkomstvegane vil vera mellombelse, i påvente av at nye avkøyringar blir bygde i samband med den nye gang- og sykkelvegen, seier prosjektleiar Asbjørn Opedal i Statens Vegvesen. 

Gang- og sykkelvegen blir tre meter brei. Eit tre meter breitt grøntareal skal skilja gang- og sykkelvegen frå E134. På fleire delstrekningar skal det byggjast kombinert tilkomstveg/gang- og sykkelveg. Desse såkalla kombinertvegane blir fire meter breie og kan brukast som gang- og sykkelveg med tillatt tilkomstveg. Dette gir færre avkøyringar, og ein unngår å ha tre parallelle, asfalterte vegar (europaveg, gang-/sykkelveg og avkøyring). 

Heile strekninga får veglys, høgspent og fiberanlegg. Vindafjord kommune skal også byggja kloakkanlegg på deler av strekninga. Ølen Vassverk og Telenor skal gjera utbetringar på strekninga.

Nye undergangar i Ølensvåg

Frå krysset ved Vågshagen skal det byggjast kryssande undergangar under E134. Europavegen skal hevast ca. tre meter for å laga rom for undergangane. 

 Mjuke trafikantar vil få tilgang til undergangane via eit trappesystem. Det skal også utarbeidast tilkomstløysingar for undergangane for å ivareta universell utforming, slik at alle, uansett funksjonsevne, kan nytta seg av undergangane. Det skal byggjast busslommer på begge sider av vegen.

Open E134 til ei kvar tid

- Arbeidet omfattar også mykje graving for nye kloakkleidningar som skal kryssa E134. Delar av E134 vil periodevis blir lagt som omkøyringsveg. E134 skal vera open med to køyrebanar til ei kvar tid under arbeidet, slik at anleggsmaskinar ikkje kjem i konflikt med trafikken, seier Opedal.

Arbeidet skal utførast utan at det er til skade for verken naboar eller trafikk, men som nabo langs strekninga vil ein oppleva noko ristingar og støy i samband med arbeidet. Anleggsdrifta følgjer statlege retningslinjer for å avgrensa støy. 

- I samband med sprengingsarbeidet vil det bli sett ut vakter for å unngå at folk er i nærleiken av sprengingsstaden. Dersom naudsynt kan biltrafikken også bli stansa. Det vil bli gitt lydsignal frå ei sirene i forkant, med korte lydsignal i eitt minutt før sprenginga, fortel Opedal. 

Ta kontakt!

Statens vegvesen har prosjektkontor i Medvindbygget i Ølensvåg under anleggsperioden, og folk er velkomne til å stikka innom eller ta kontakt med vegvesnet sine t

- Me ønskjer å halda tett kontakt og legg opp til god dialog med vegnaboar og andre som kjem i kontakt med anleggsarbeidet. Ta også kontakt med oss på telefon og epost: 

Kartteikning: Ølen ved Nerheim (Illustrasjon: Statens Vegvesen)

Kartteikning: Avkøyring til Blikragarden (Illustrasjon: Statens Vegvesen)

Kartteikning: Hiljesteinsvika (Illustrasjon: Statens Vegvesen)

Kartteikning: Ølensvåg, kryss til Vågshagen (Illustrasjon: Statens Vegvesen)


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details