Snart opnar peparkakebygda

Meir enn 30 smakfulle byggverk utgjorde minibygda på Ølen Senter i fjor. Arrangørane håpar på minst like stort omfang i både bygningsmasse og kreativ dekor dette året, når peparkakebygda 2017 blir avduka 30. november.


Eit knippe av dei mange bygningane som pryda peparkakebygda i fjor. Foto: Madeleine Matre

- Dei tre siste åra har det vist seg å vera særs kunstariske byggmeistrar i alle aldrar i kommunen, og me reknar med like mange – om ikkje endå fleire - byggverk dette året, seier peparkakegeneral Merete Vårvik Matre. 

For fjerde året på rad inviterer ho i samarbeid med Ølen Senter til høgtidleg opning av minibygd i peparkakeformat. Dette året sponsar Coop Extra alle byggmeistrar som vil bidra til mini-bygda med gratis peparkakedeig. 

Peparkakebygda 2017

  • Blir avduka på Ølen Senter 30.november
  • Coop Extra deler ut gratis peparkakedeig til alle som vil bidra med eit peparkakebygg til mini-bygda
  • Byggverka kan leverast hjå Sparebank 1 SR-Bank i banken sine opningstider, eller 29.november mellom kl. 18.00 - 20.00.

- Som tidlegare er det svært lite byggereglement og reguleringsplanar å ta omsyn til. Så lenge bygningsmassen er laga av peparkakedeig og det som elles freistar av utsmykking, er alt godkjendt som bidrag til mini-bygda. Her er det kun fantasien som set grenser, seier Matre. 

Peparkakebygda skal avdukast i samband med julegrantenninga 30. november, og alle deltakarar er med i trekninga av ein premie sponsa av Sparebank 1 SR-Bank. Byggverka kan leverast inn hjå Sparebank 1 SR-Bank i banken sine opningstider, og onsdag 29. november mellom kl. 18.00 og 20.00.

Til inspirasjon gir me dykk eit tilbakeblikk frå nokre av byggverka i fjorårets peparkakebygd: 


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details