Små bedrifter skaper store verdiar

Merete Vårvik Matre i Medvind24 Næringshage og Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling ønskjer velkommen til småbedriftskonferansen, som blir arrangert i samarbeid med den lokale handelstanden og dei lokale bankane i Etne og Vindafjord. 

Arrangementet vil setja fokus på småbedriftene i næringslivet og sjå nærare på kva som er dei mest sentrale hindringane for ønska utvikling. Og ikkje minst kva ein kan gjera for å betra dette. 

- Småbedrifter representerer ein stor og viktig del av vårt næringsliv, målt i både arbeidsplassar, omsetnad og ringverknadar. Mange av desse, også dei lønsame bedriftene, opplever av ulike årsaker at ønska utvikling er krevande å få til, med uønska stagnasjon eller avvikling som resultat, seier dagleg leiar Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling. 

Fire bedriftshistoriar

Fikse Næringsutvikling er arrangør i samarbeid med Medvind24 Næringshage, Ølen Handel og Service og Etne sentrumsforening. Med på laget har dei også Etne Sparebank, Haugesund Sparebank og Sparebank1 SR-Bank. 

Tveit Regnskap innleiar om at små bedrifter skaper store verdiar. Deretter blir det fire korte bedriftshistoriar med fire ulike tema og eksempler. Bjarte Berge, Ølensvåg Autosenter, skal snakka om familieeigde bedrifter. Lars Rune Langhelle, Skånevik Naturoppleving, tar for seg forenkla økonomisk rapportering for småbedrifter. 

Rasmus Tore Stople, Haugaland Bygg og Betong, skal snakka om tilsettingar og personalhandtering, og Audun Stene avrundar bedriftshistoriane med monopoldannande krav får myndigheitene. 

Ønskjer seg eit mandat

Samlinga blir avslutta med ei oppsummering. Kva skal til for å betra kvardagen for meg og min bedrift? Kva er utfordringane? Kven kan gjera kva for å betra rammevilkåra? 

 - Vi ønskjer om å gjera noko for dei små bedriftene. Dei er små, men representerer store ressursar, og kvar for seg blir dei ofte ikkje høyrt. Vi har derfor eit håp om at denne samlinga kan bidra til at vi får ei tilbakemelding frå deltakarane på kva dei meiner vi kan gjera for dei. Kall det gjerne eit oppdrag eller eit mandat, seier Moe. 


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details