Skobutikk i hundre


Erling Ole driv ein butikk med lange historiske røter på Etne Senter, og lojaliteten til kundane er sterk.

– Midt i koronatida tenkte eg at det sikkert er best å stenge ned nokre dagar, men når eg skulle lukke porten så klarte eg det ikkje. Eg fekk det ikkje til, fortel skobutikkeigaren i Etne.

100 år med historie ligg bak skobutikken som i 2019 omsette for vel 4,8 millionar kroner.

Starta som skofabrikk

Det var Ole A. Baardsen som starta med trebotnskofabrikk i 1921. Han gjekk i lære i Skånevik rundt 1910 før han reiste til Trondheim for å starte trebotnskofabrikk. Så vart mor hans alvorleg sjuk og Ole bestemte seg for å reise heim der han på nytt starta skofabrikk. Han sparte opp 7000 kroner for å bygge fabrikk og bustadhus nede ved Etnesjøen .

– Det var mykje pengar på den tida, han dreiv fabrikken fram til 1957. På det meste hadde han fire personar i arbeid, dei sat og forma sko over lesten og pinna dei som dei sa, det var mykje arbeid som låg bak kvar einaste skopar. – I løpet av dei åra han dreiv butikk byrja han også å ta inn sko frå andre fabrikkar. I 1957 overtok mor mi og tanta mi bedrifta, og i 1972 tok mor over alt. Då søstrene overtok var det også slutten for fabrikken, etter den tid er det berre skobutikken som har overlevd. Trebotnsko var også på veg ut og kundane ynskte seg andre typar sko på den tida, fortel Erling Ole som kan sjå tilbake på 100 år med ærverdig skohistorie i eigen familie.

Vendepunktet

Bestefar Ole A Baardsen gifta seg ikkje før han var godt oppi førtiåra, men fekk etter kvart etablert seg med familie i Etne. Mor til Erling Ole, Nora, vaks inn i bedrifta som faren dreiv, og hadde fått skobutikken med seg frå barns bein. Erling Ole kan hugse ho fortalde at dei trilla sekkar med sko ned til kaien for at dei skulle seljast andre stadar, då fekk dei fem øre for kvar sekk dei frakta ned.

– Det passa nok godt for henne og tanta mi å drive butikken, dei var heime med små barn, og butikken var i kjellaren på huset. Eg trur nok dei likte det, og det var nok ein arv også for dei.

I 1977 døyr far til Erling Ole i ei tragisk ulykke og eit par år etterpå døyr mor til Erling Ole i kreft. Erling Ole var 14 år då det tragiske hende og familielivet vart snudd på hovudet. Plutseleg var Erling Ole og søskena åleine, og butikken måtte drivast av andre.

– Me leigde folk til å stå i butikken, og sjølv budde me hjå tanta vår. Eg hadde aldri direkte planar om å ta over drifta. Men då eg var 20 år valde eg å satse likevel, dei som arbeidde i butikken hadde gjort ein god jobb, men no var dei også klare for at nye krefter tok over igjen.

– Og eg ynskte å bu heime, og vere tett på familien, så det passa godt. Og så har eg aldri kome meg vekk igjen, eg er her endå, og her kjem til å bli verande til eg blir pensjonist, slik er det berre.

Image
Det var desse skoa skofabrikken i Etne starta med. ( Foto: Kari Aakra)

Kunden i sentrum

Det var starten på det som så langt er 36 år med Erling Ole som dagleg leiar i ein skobutikk som stadig er i endring.

– Det er stor skilnad på den butikken eg overtok, og den som me driv i dag. Den eg overtok var ein butikk på 40 kvadrat nede i ein kjellar, der dreiv eg i 10 år før eg bygde ny butikk i 1994. I 2006 opna Etne Senter og eg flytta inn der, då selde eg huset eg hadde bygd. Han brenn for at kundane skal finne sko som passar, og ikkje minst som kan hjelpe dei som har vonde kne, hofter eller rygg. Funksjonalitet og sko med helsegevinst er viktigare for Erling Ole enn mote og trendar.

– For meg ligg nok interessa mest i at sko kan hjelpe folk, me er ikkje laga for å gå så mykje på hardt underlag, me er skapt for å springe i skogen. Og då kan det bli tøft for føtene våre, og dei skal jo bære oss heile livet.

Motebiletet

Mange av kundane hjå Baardsen Eurosko kjem igjen og igjen, i Etne handlar du ikkje på Eurosko, du handlar hjå Erling Ole.

– På ein liten plass kjem ein endå tettare inn på kundane sine enn i ein by, me kjenner kundane på ein heilt anna måte, men marknaden er mindre. Eg kan få på plass ein nettbutikk viss eg vil, men eg trur ikkje det er noko for meg. Eg har venner som driv skobutikk andre stadar i landet, og som ikkje sel så mykje som venta over nett. Hjå oss kan dei derimot gå inn og bestille varer som dei så kan hente i butikken. Eg har meir tru på det.

Han har ikkje angra på at han i 1995 vart ein del av Eurosko, her får han fagleg påfyll, inspirasjon og siste nytt om motane.

– Det er klart eg er oppteken av mote, men det er og godt å få litt hjelp til det. I denne bransjen ligg me jo nesten eit år lenger framme i tid, eg skal snart bestille inn sko til vårsesongen 2022. Ein må forstå kva kundane vil ha. Framtida Karantenetida fører til at det ikkje blir reising på messer, dei tilsette vart permitterte, og butikken fekk ei drastisk nedgang i inntektene våren 2021. Utover hausten tok det seg derimot opp, noko som hjelpte på.

Likevel trur Erling Ole skobutikken også i år lir under at alle bryllaup, konfirmasjonar og 17.mai-arrangement er avlyst, ingen skal noko spesielt, og då handlar dei også færre skopar.

– Men sommaren i fjor var god, då hadde me nesten berre norske turistar innom her, og dei legg absolutt meir pengar igjen enn dei utanlandske. Ein kan jo håpe på ein liknande sommar i år og. Med seg i butikken har han Anne Lise Severeid, som har jobba side om side med Erling Ole i 20 år. I tillegg pleier han å ha inne ein skuleungdom til ekstrahjelp og helgejobbing. Sjølv jobbar han meir enn han likar å tenkje på.

– Eg tel ikkje arbeidstimar, men familien heime gjer det av og til, det kan hende dei ofte syns eg jobbar for mykje. Eg er stort sett alltid på jobb, den einaste gongen eg har vore vekke var då eg øydela ein fot på ein skitur, det vart ein liten pause, seier han og ler.

– Blir det ein fjerde generasjon som tek over?

– Det trur eg eigentleg ikkje, sjølv om dei skal få bestemme det sjølv. Dei har vel sett kva arbeidstimar eg har lagt ned, trur nok dei ser det som enklare å vere tilsett ein stad, men ein veit jo aldri.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details