- Målet vårt er å flytta på folk, og få den beste kompetansen til bedriftene våre i Vindafjord og Etne. Dei fleste utflyttarane kjenner til dei mange bedriftene heime, men dei er ikkje klar over mangfaldet av jobbar det er å velja i her. Det er mange som får seg ei a-ha-oppleving når dei får høyra om alle yrkesgrupper som finnest i bedriftene «hima», seier Moe.
Sidan 2014 har Fikse Næringsutvikling saman med fleire Vindafjord-bedrifter vore med på «Møt Haugesundregionen» som blir arrangert i dei største norske byane, der utflytta innbyggjarar frå Haugalandskommunane er inviterte til å bli betre kjende med arbeidsmarknad og kulturliv i heimkommunen.
4.februar går startskotet med årets første turnè-stopp i Trondheim, der utflytta vindafjordingar skal bli endå betre kjent med arbeidsmarknaden heime. Saman med Fikse Næringsutvikling vil også Hatteland vera representerte frå Vindafjord.
I ei kvar bedrift finnest det ei rekkje fagområde som treng meir kompetanse i åra som kjem, og det er ikkje berre ingeniørar og kontormedarbeidarar det er behov for, meiner Moe.
- Det er mange som lurer på å flytta heim att til Vindafjord og Etne, både studentar og folk som allereie er i arbeidsmarknaden i dei større byane. Dei fleste me møter på desse arrangementa er «midlertidige utflytta», difor er det viktig å gjera dei klar over at det finnest jobbar til dei heime, same kva fagbakgrunn dei har, seier Moe.
«Møt Haugesundregionen» arrangert i Frimurerlogen i Trondheim 4.februar. Deretter vil turnèen gå vidare til Stavanger i vår, deretter går turneen til Bergen i haust.