Vil skapa liv i sentrum

Handel og næringsliv inviterer til Sjoardag i Ølen laurdag 31. august. Familiedagen rommar underhaldning for store og små, barneløp, auksjon, stort motortreff, salgsboder og mannekengshow i sentrum.


– Målet er å få folk ut i sentrum og skapa god stemning i Ølen, understrekar Asbjørn Moe som representerer Ølen handel og service, ein av fleire aktørar som står bak dagen.  

Arrangørane har lagt opp til ein Sjoardag som har familiefokus på dagtid og aktivitetar for vaksne på kveldstid. Det populære barneløpet i sentrum startar kl 11.00, samstundes med turklassen i Roatoppen Opp. Tryllekunstnaren Ray Speedy blir å treffe i sentrum der ein og kan gjera ein god handel i butikkar og bodar. 

Barneløpet i sentrum startar kl 11:00, samstundes med turklassen i Roatoppen Opp.

– Sjoardagen betyr veldig mykje, seier Anne Stople, innehavar av Hans & Grete som har hatt butikk i sentrum i alle år. Det er heilt fantastisk når folk kjem frå alle kantar. Ho understrekar at her er noko for alle, både barn, vaksne og eldre. Og ho dreg fram både barneløpet og auksjonen som populære trekkplaster. Sjølv er ho klar for utandørs mannekengoppvisning, og skin ikkje sola er det berre å ta fram paraplyane. Det har dei gjort tidlegare.

Kvelden startar med Romsacruise, som Fikse Næringsforening i samarbeid med Åkrafjorden Oppleving arrangerte for fyrste gong i fjor. Kvelden vert avrunda med dans på Ølen Kulturhus. Arrangementa på kveldstid er opne for alle som ønskjer å melda seg på, og det er absolutt råd å ta turen ut på dans sjølv om ein ikkje deltek på cruiset.

Roatoppen opp

Arrangørane av Roatoppen opp er i år klare med både aktiv klasse, stafett og turklasse i den tøffe og spektakulære rundturen, som i år har både start og målgang i sentrum.

– I år køyrer me løpet uansett kor mange påmelde me har, understrekar primus motor Matias Berge. Han oppfordrar alle til å melde seg på.

– Ein treng ikkje vera topptrent for å delta, det går fint å ta løpet i sitt eige tempo, sjølv om ein melder seg på i aktiv klasse. Ein vanleg mosjonist klarar å delta. (Sjå løypetraseen her). Matias Berge fortel at det er fullt mogleg å ta familien med på turen rundt i turklassen, dette meiner han vil ta om lag to timar om ein held jamn fart.

Opnar Cageball

Sjoardagen blir det og opningsfest og aktiviteter for små og store i den nye Cageball-hallen til Frisk Treningssenter. Fasilitetane skal leigast ut via eit nytt bookingsystem, og Hustveit har mål om å ha alt klart og bookinsystemet på plass til starten av september.

– Me vil leiga ut til ungdom og vaksne som ønskjer å møtast utanom organiserte aktiviteter for å spela fotball eller andre aktivitetar, seier Andreas Hustveit, som og er dagleg leiar for Frisk.

Den nye Cageball-hallen held til i garasjelokala ved sida av Frisk, og i sommar har det gått med utallege arbeids- og dugnadstimar for Andreas Hustveit for å få fasilitetane, som og rommar kjøken og toalett, i orden. Sjølve Cageball-bana er på 12x20 meter og kan leigast til fotball og andre aktiviteter. Lokala kan leigast av enkeltpersonar eller grupper frå 45 min til 2 timar og ein kan booke fast treningstid om ønskeleg.

Hustveit ser og eit potensiale i barnebursdagar og teambuildingar og han har allereie fleire som har meldt si interesse.

Samlar motorentusiastar

Bilentusiast og formann i Etne & Vindafjord Motorklubb, Egil Viker Jørgensen, lovar god underhaldning med både konkurransar og haiketurar for små og store bilinteresserte på motortreffet på Sjoardagen. 

– Om vêret held seg bra kan det koma så mange som 100-150 køyretøy, fortel Jørgensen som ventar bilentusiastar frå heile regionen. Alle klubbane på Haugalandet plar lufte seg og i tillegg kan det bli besøk frå både Sandnes, Stavanger, Voss, Os og Bergen. 

– Det blir eit klubbtreff for oss som er tilknytta AMCAR Norge, men ein treng ikkje vera medlem for å stilla. Kriteriet er at ein har eit køyretøy utanom det vanlege, seier Jørgensen. Han fortel at det godt kan vera ein 2019-modell om det er ein bil som er litt utanom det vanlege i marknaden. Jørgensen freistar og med trekning av pengegåve blant dei påmelde bilane.

Haikerunden er eit tilbod for alle som vil sitja på ein runde i Ølen Sentrum.

Det har vore ein jamn vekst i besøkande på Sjoardagen dei siste åra.

– Det er oftast barn som vil sitja på, fortel Jørgensen, men han understrekar at det er eit tilbod for alle. På motortreffet er det to kåringar der publikum er inviterte med som jury. I knockout-konkurransen er det kåringa av beste bil basert på utvelgingsmetoden og publikumsprisen går til bilen med flest røyster.

Jamn vekst

Det har vore ein jamn vekst i besøkande på Sjoardagen dei siste åra og Moe meiner ein av suksesskriteria for den positive veksten er at det er eit godt samarbeid mellom lokale aktørar.

– Det har vore ein klar strategi å ikkje byggja ein ny tung organisasjon, men at dei som ønskjer å delta er med, så dreg ein vekslar på kvarandre. Samarbeidet fungerer fordi alle tek ansvar. Frå møtepunkt i januar der ein luftar tankar til å landa programmet på forsommaren og arbeidsmøte tett på arrangementet. Dette gjer at det blir enkel planlegging og økonomi der ein mest ikkje har penger i omløp unntatt nokre sponsorar som gjer at det er penger til barneunderhaldning, auksjon og marknadsføring.

Program Sjoardagen 2019

  • Når: 31. august, frå kl 11:00 og utover
  • Kvar: Ølen sentrum 
  • 11:00 Sjoarløpet Barn (reg frå kl 10:45)
  • 11:00 Roatoppen opp turklasse 
  • 11:30 Ray Speedy 
  • 12:00 Opning av Cageball-hall
  • 12:30 Mannekeng show
  • 13:00 Roatoppen opp aktiv klasse
  • 13:10 Motortreff knockout 
  • 14:00 Auksjon
  • 15:00 Motortreff haiking 
  • 15:30 Roatoppen opp premiering 
  • På kvelden blir det Fjordcruise til Romsa med god mat og live musikk med Furseth og Eide frå kl.18:00 med retur til Sommerfesten m/ Housequake ca 21:30. Aldersgrense på kvelden er 18 år.
  • Sjå program og oppdateringar på Facebook

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details