Marknad, motbakke, motor, og M/S Sunnhordland

Ølen sentrum, Roatoppen og M/S Sunnhordland riggar seg for storinnrykk i helga, når handelsstand og næringsliv inviterer til politisk debatt, skipsbesøk, leikepark, biltreff, storauksjon og motbakkeløp laurdag 26. august.


Handelsnæringa i Ølen , eit breitt næringsliv og eit god gjeng eldsjeler står bak Sjoardagen og ei rekkje samarbeidsarrangement som Roatoppen Opp og Motortreffet.  

Roatoppen for tredje gong

Sjoardagen vidarefører fleire publikumssuksessar frå tidlegare år, som blant anna storauksjon, motortreffet i samarbeid med Etne og Vindafjord Motorklubb, og ikkje minst samkøyringa med motbakkeløpet Roatoppen Opp. 


 

Video: Roatoppen Opp

På tredje året er både mosjonistar og løpsentusiastar inviterte til å gi seg ut på den 2,6 kilometer lange styrkeprøven til Roatoppen, 502 meter over havet. 

Her kan ein delta i turklasse eller aktiv klasse. Totalt har om lag 100 sprekingar delteke på løpet kvart år. 

Rekorden blei sett første året av Torstein Tengsareid frå Egersund, som tok seg til topps på 20.29. For dei som vil utfordra rekorden og ønskjer garantert tidtaking er det om å gjera å melda seg på snarast (helst i løpet av torsdagen 24. august) via roatoppenopp.no. 

Løpet blir sendt live på storskjerm ved Frisk treningssenter. 

Dette året går også Sjoardagen litt meir i retning av eit marknadsarrangement, seier Magne Christiansen, ein av initiativtakarane til årets Sjoardag. 

- Me har fått mange førespurnadar frå folk som ønskjer å selja mat og bruktvarer på Sjoardagen, så dette året vil nok publikum få kjenna litt på ei «marknadsstemning» med fleire salsboder i sentrum, seier Christiansen. 

For dei minste blir det nok å ta seg ut på i løpet av dagen: Tradisjonen tru blir det Sjoarløp for born, i tillegg til aktivitetspark som vil vera open heile dagen. 

Med valkampen godt i gang, blir det også politisk ordskifte på Sjoardagen. Arne Bergsvåg (Sp), Hege Haukeland Liadal (Ap), Terje Halleland (Frp), Iselin Nybø (V), Sveinung Stensland (H), Gunn Marit Lygre (KrF) og Fredrik Tønnesen (Sv) stiller til debatt. 

Denne gjengen stiller til debatt: Frå venstre Arne Bergsvåg (Sp), Hege Haukeland Liadal (Ap), Terje Halleland (Frp), Gunn Marit Lygre (KrF),  Sveinung Stensland (H) , Iselin Nybø (V), og Fredrik Tønnesen (SV)


Nytt av året er veteranskipet M/S Sunnhordland som skal liggja til kai i Ølen i helga. Heile laurdagen er skipet ope for besøkande. Fredagskveld legg M/S Sunnhordland ut på cruisetur i fjorden og byr på rekebuffèt og musikk ved Keith Austin undervegs. Her er det også det mogleg å bestilla overnatting . Påmelding via joakaripost@outlook.com .

Etne og Vindafjord Motorklubb inviterer til motortreff med utstilling, køyretøykonkurranse, premiering og haiking for dei som ønskjer seg ein rånetur i ein av veteranane. 

- Dette er sjette året me arrangerer motortreffet. Det som starta med 40 bilar i 2012 har balla på seg og i fjor hadde me totalt 115 køyretøy frå heile Vestlandet: "amerikanarar", "europearar",  gamle lastebilar, motorsyklar… i grunnen alt med motor, fortel Egil Jørgensen, primus motor bak treffet. 

Butikkane i sentrum vil som vanleg ha kvar sine aktivitetar og gode tilbod, samstundes som dei alle bidrar til storauksjonen, ein av dei største suksessane frå fjorårets Sjoardag. 

- Me arrangerte auksjon for første gong i fjor og det blei veldig populært. Her bidrar heile handelsstanden med nye varer, alt frå gassgrillar og mat, til klokker, kler og interiørartiklar. Me håpar at dette vil samla mykje folk også i år, seier Christiansen, som saman med Tom-Jøran Johnsen, Anne Åsheim Stople og Fikse Næringsutvikling står i bresjen for Sjoardagen 2017..



Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details