Seniortrim med ordførarbesøk 

Det var ein sprek gjeng med seniorar på Frisk Treningssenter som fekk besøk av ordførar Ole Johan Vierdal på juleavslutninga. - Det er godt å kjenne at kroppen fungerer, og så er det jo veldig triveleg å treffast, meiner deltakarane.

Seniortrimmen ved Frisk Treningssenter er godt besøkt og har deltakarar mellom 60 og 86 år. Alle foto: Judith Sørhus Litlehamar

AV: Judit Sørhus Litlehamar                                    PUBLISERT: 21. desember 2017

Onsdag var det om lag 50 deltakar frå både Vindafjord og Etne. Juleavslutning med den tradisjonelle julegrauten som blir servert etter treninga er nemleg eit populært tiltak. Stemninga er god, og seniorane gir alt dei har, først med ei god økt i spinningssalen, og så over på styrketrening. 

Seniorane hadde sjølv eit ønskje om at Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) skulle besøkje dei for å sjå kor flott dei har det på treningssenteret, både sosialt og aktivt. Og ordføraren var ikkje vanskeleg å be. 

- Det er veldig kjekt å sjå korleis dei legg opp treningane her. Dette er eit kjempeviktig møtepunkt for dei eldre. Både for at dei skal halde seg i form, og ikkje minst sosialt, meiner ordføraren. 

Personleg trenar i julegåve

Han stiller utan treningsklede denne dagen, men prøver velvillig ein spinningssykkel då dagleg leiar ved Frisk Treningssenter, Andreas Hustveit, utfordrar han på det. Andreas slår også til med ei heilt spesiell julegåve til ordføraren. 


- Her får du gåvekort på ti timar med personleg trenar. Dei kan du få bruke når det passar deg, seier Andreas og utfordrar Vierdal, som må vedgå at han ikkje er medlem av treningssenteret i dag. 

- Det passar veldig godt, dette har eg godt av. No skal eg verkeleg byrje å trene eg og, slår ordføraren fast. 

Nede i styrkesalen har Astrid Vigestad (76), Astrid Stene (76) og Karin Aalmo (67) byrja å tøye ut etter ei god økt med styrketrening. Dei meiner treninga er viktig for at dei skal klare å halde seg i form og takle dei mange kvardagslege utfordringane, også etter at dei er blitt eldre. 

- Det er godt å kjenne at kroppen fungerer, og så er det jo veldig triveleg å treffast. Det er ein god sosial møteplass, meiner dei tre. 

- Trening gir betre alderdom

- Både Andreas Hustveit og Stian Haugland er kjempeflinke til å lage til eit godt opplegg for oss. Dei har mykje kunnskap som dei deler med oss, og er heilt supre, meiner damene, som etter ei hard treningsøkt er klare for julegraut med resten av gjengen på seniortrimmen. 

- Trening gir heilt klart ein betre alderdom, og det er viktig at ein trener både kondisjon og styrke, seier Hustveit 

Han viser til at mange eldre er flinke til å gå tur, men at det ikkje alltid er nok. 

- Ein blir ikkje sterkare i beina, eller får betre balanse av å gå på tur, då kan det vere lurt å trene styrke. Den eldste som trener her er faktisk heile 86 år, men har truleg fysisk form som ein 70-åring. Ho trener to gonger i veka, noko ho har gjort i 12 år, og det gir resultat, seier Andreas Hustveit. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details