- Stort potensiale

Tysvær Regnskap er imponert over næringslivs-breidda i Vindafjord. I haust opna dei avdelingskontor i Skjold. 

- Det er stort potensiale i Vindafjord med mange arbeidsplassar og variert næringsliv. Me får fleire og fleire kundar i kommunen og me håpar det vil bli meir etter kvart, fortel fagleg leiar og rekneskapsførar i Tysvær Regnskap, Agnes Kallevik.

Tysvær Regnskap vart stifta i 2001 og har i dag ni medarbeidarar. Dei har hovudkontor på Frakkagjerd i Tysvær, men i haust opna dei nytt kontor på Liaheia Næringspark i Skjold. Plassmangel ved hovudkontoret og ein draum om å vekse gjorde ideen om nytt kontor i Skjold aktuell. Utvidinga av kontoret opna også opp for tilsetjing av ein ny person som i hovudsak skal ha sin arbeidsplass på Liaheia-kontoret.

- Me har brei kompetanse innanfor dei fleste næringsområde, men eit fleirtal av kundane våre i dag er i bygge- og entreprenørbransjen. Vindafjord har mange aktørar innan denne bransjen i tillegg til andre bransjer, og me ser dette som ei god moglegheit for oss til å utvikle oss meir. fortel dagleg leiar i Tysvær Regnskap, May Elin Brouwer før hu legg til:

- Det er litt skummelt å satse på avdelingskontor, men me syns det har gått veldig bra og angrar ikkje. Me har fleire kundar frå Vindafjord som sett pris på at me er nærare og lettare tilgjengelege for dei. Det er viktig at ein får personleg kontakt og at ikkje alt skjer over telefon.

Tysvær Regnskap er nå lokalisert i Kalstveit & Vik sine lokaler på Liaheia, derfrå ser dei føre seg å kome tettare på marknaden i Vindafjord og satse meir på rådgivning. 

- Alle kundar er ulike, og me tilpassar oppdraga slik kundane våre ønsker. Bransjen vår blir meir og meir automatisert. Fordelen med meir automatikk i rekneskapsførselen er at vi kan fokusera meir på blant anna rådgjeving. Det er oppgåva vår å sørga for at kundane våre får best mogleg forteneste og utnyttar dei moglegheitene som lovverket gir, seier Brouwer.

Som mange andre i bransjen har også dei i dei siste åra fokusert på å ta i bruk elektroniske og skybaserte løysningar for sine kundar. Dermed kan dei styrke rolla si som rådgjevarar og bruke mindre tid på å sjølve rekneskapsføringa.

- Rolla til rekneskapsførarar har endra seg mykje dei siste åra. Tidlegare bestod jobben vår i større grad å bokføra bilag, avstemma og rekka fristar. Me har framleis fristane å forhalda oss til, men det meste av bilagshåndtering er no automatisert slik at me har meir tid til å fokusera på andre oppgåver som kan gi større avkasting for kunden. Me set oss godt inn i bransjen til kunden og kva kunden er opptatt av. Då får me eit godt grunnlag for å gi gode økonomiske råd til kunden, meiner dagleg leiar og legg vekt på at kunden då også kan få konsentrere seg om det dei best på.

Sjølv om Tysvær Regnskap er ein liten aktør på Haugalandet skal ikkje det halde dei tilbake. Her er det kundeservice som sit i høgsetet. 

- Me er opptatt av å gi kundane våre god og tett oppfølging, med fokus på behova og moglegheitene deira. Alle tilsette har kjennskap til dei fleste av kundane våre og dei møter eit kjent ansikt eller stemme når dei stikk innom eller ringar. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details