Ringedugnad for TV-aksjonen

I løpet av halvannan time gav bedrifter i Vindafjord kommune 90 000 kroner til TV-aksjonen


- Me er veldig nøgde med resultatet. Me ringde rundt i om lag halvannan time og fekk svar frå mange. Det blei også sendt ut mail til nokon, så talet kan fort stiga. I år går inntektene til ein sak som kanskje ikkje er så kjend blant lokale i Vindafjord og ikkje har nokon lokal tilknyting så me var noko spente, men 90 000 kroner er bra, seier koordinator for TV-aksjonen i Vindafjord kommune, Gunnbjørg Nesbu.

I fjor samla Vindafjord Kommune inn 80 000 kroner på ringerunden og rundt 560 000 totalt til Kirkens bymisjon.

Innsamling i Etne og Vindafjord

  • Søndag 20. oktober går 100 000 frivillige rundt med bøsse i Noreg
  • I Etne startar bøssebererane kl. 14.00
  • I Vindafjord startar bøssebererane kl. 15.00
  • Dersom du ikkje er heime kan du vippse en valgfri sum til: 2133

Årets TV-aksjon er til inntekt for CARE. CARE jobbar for at fattige kvinner i nokon av verdas mest sårbare områder skal tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og gjere sin stemme høyrt i samfunnet.

Organiseringa av aksjonen i Vindafjord er leia av ordføraren. I år var politikarar og representantar frå næringslivet med i ringepanelet. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details