Reviderer underleverandørar

- For mange bedrifter er det viktig å kunne kontrollere at underleverandørane også held seg til gjeldande krav og standardar, meiner Øyvind Oland i Oland AS. I sommar var han revisjonsleiar for ein delegasjon som besøkte Vest Stål og Fasade sin leverandør i Romania.


Øyvind Oland er dagleg leiar i Oland AS, han er HMS-K rådgjevar og har arbeidd med styringssystem sidan 2003. Han tilbyr tenester både innan HMS, internkontroll og ISO 9001, som er eit leiingssystem for kvalitet. ISO 9001 gir oppskrifta på korleis bedriftene til ein kvar tid kan tilby produkt og tenester som oppfyller krava til kvalitet som kundane forventar. Her får ein tips til korleis ein kan leie prosessar og bli meir effektive i det ein driv med.

- Eg jobbar etter same modell som rekneskapsførarar og bistår med den hjelpa bedriftene treng innan kvalitet, HMS og system, dette er også gjerne oppgåver dei ikkje sjølv har tid og krefter til å sikre på ein god måte. ISO 9001 er også tilpassa alle bransjar, og passar for dei fleste bedrifter, slår han fast.

- Eg sørger for at rutinane er på plass, og at bedrifta går gjennom sjekkpunkta som er viktige. ISO 9001 er eit leiingsverktøy for å få alt til å gå rundt. Eg plar seie at eg jobbar med å få alt på G i bedriftene.

Alt på G

Dagleg leiar i Oland AS, Øyvind Oland, var revisjonsleiar for ein delegasjon frå Aibel, Equinor og Vest Stål & Fasade hjå ein underleverandør i Romania. Foto: Oland AS.

Øyvind Oland kan også i tillegg til jobben som konsulent ta rolla som både intern og ekstern revisjonsleiar. I sommar var han revisjonsleiar for ein delegasjon der både Aibel, Equinor og Vest Stål og Fasade var representerte. Målet var å sjekke om Vest Stål og Fasade sin leverandør i Romania hadde alt på stell, noko som det skulle vise seg at dei hadde.

- Når ein møter utanlandske bedrifter veit ein aldri heilt kva som møter ein, i Noreg har me betre oversikt og veit meir på forhand, både om bedriftskulturen og måten dei jobbar på. På forhand lagar eg meg ulike sjekklister i forhold til kva eg forventar, og veit me må gå gjennom, fortel Oland.

- Her var eg ganske overbevist om at det var orden i sakene, sidan same bedrifta også har levert til store byggeprosjekt på Austlandet, fortel Oland.

Prosjektleiar i Vest Stål og Fasade, Bjørn Steinar Helgevold, fortel at denne revisjonsturen ikkje er noko dei gjer mykje av, men som absolutt kan bli aktuelt også ved eit seinare høve.

- Her sette Aibel krav om at me gjennomførte revisjon også på underleverandørar, det vart ein god og ryddig prosess, der me fekk oppleve ein leverandør som hadde orden. Og Oland AS er god å ringe til, dei kan jobben sin og ordnar opp. Me har ikkje kapasitet til å tilsetje ein eigen person på dette, då er det godt me kan leige inn kompetanse på området, meiner Helgevold.

- Så kan me heller bistå med fagleg kompetanse, slår han fast.

Viktig kompetanse

Oland fortel at dei delte revisjonsteamet i to når dei kom til Romania, det første teamet jobba med tryggleik og fagleg gjennomgang på blant anna sveisearbeid, overflatebehandling og montasje, medan det andre teamet jobba med kvalitetsrutinar, HR og HMS.

- Me møtte ein ærleg direktør som ikkje prøvde å skjule noko. Alltid godt når dei fortel oss om både svake og sterke sider i bedrifta, fortel Oland og viser til at teamet på slutten av arbeidsdagen alltid sett seg ned for å lufte kvar og ein sine refleksjonar rundt det dei har opplevd gjennom revisjonsarbeidet.

- Denne bedrifta hadde til dømes innleigd arbeidskraft frå andre land, og me spurte «kva skjer om han får ein far som er alvorleg sjuk». Direktøren svarte ganske kjapt at då reiser han sjølvsagt heim. Det var betryggande, meiner Oland og viser til at dei sjølvsagt også gav frå seg nyttige tips.

- Her var det jo ein eigen person som jobba med HMS i bedrifta, men det er ikkje alltid så enkelt å få gjennomført det han meinte var rett. Det er eit stykke frå å bestemme at alle skal gå med hjelm og til den dagen alle har hjelmen på seg.

I vekst

Oland AS har om lag 10 - 15 kundar som dei fylgjer meir eller mindre tett opp. Etterspørselen etter desse tenestene er i vekst, og har også ført til at Liv Kari Bødtker no er tilsett i Oland AS. Blant anna arbeider dei no med revidering av programvare som mange bilverkstadar brukar.

- For oss er det viktig å kunne vere der for bedrifter som treng hjelp, og ikkje har ressursane til å få full oversikt sjølv, meiner Øyvind Oland.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details