Ferske tal: få kvinner på topp

Ein femtedel av daglege leiarar i Etne- og Vindafjordbedrifter er kvinner, men tala viser at dess større bedrifta er dess mindre andel kvinner finn ein på topp.


I samband med kvinneveka KVA 2020, utarbeida Medvind24 Næringshage eit statistikkgrunnlag på korleis det står til med kjønnsfordeling og aldersfordeling i bedriftene i Etne og Vindafjord. Grunnlaget som var med i utvalet for undersøkinga var alle bedrifter i Etne og Vindafjord med ei driftsinntekt på minimum 1 million norske kroner. Samla vart det 357 bedrifter.  

Av desse bedriftene kunne 19 prosent vise til kvinneleg dagleg leiar, 14 prosent har kvinneleg styreleiar og snittalderen i styra er på 51,9 år. 

Korleis er ståa?

  • Medvind24 Næringshage har utarbeida eit statistikkgrunnlag på korleis det står til med kjønnsfordeling og aldersfordeling i bedriftene i Etne og Vindafjord. 
  • Undersøkinga såg på kjønn og alder på dagleg leiar, kjønn og alder på styreleiar og gjennomsnittsalder på styret.
  • Utvalet består av 357 bedrifter i Etne og Vindafjord med driftsinntekt på 1MNOK.
  • Basert på heile utvalet er andel kvinnelege daglege leiarar 19 prosent, 14 prosent er kvinnelege styreleiarar, snittalder i stryet ligg på 51,9 år.
  • Undersøkinga viser at når driftsinntektene aukar, er det færre kvinner som er daglege leiarar, snittalder i styrene går opp, og i dei bedriftene som har over 100 millionar i driftsinntekter er det ingen kvinner som er styreleiar.
  • Sjå oversikt over dagleg leiar, styrleiar og snittalder på dei 100 største bedriftene her. 

Sjå også: 100 bedrifter: kven styrer skuta?

- Tala viser ikkje teikn på full likestilling, men kvinneandelen er absolutt ikkje fråverande, konkluderer dagleg leiar i Medvind Næringshage og Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) Merete Vårvik Matre. 

Statistikken og grunnlaget er henta frå og basert på tilgjengeleg offentleg informasjon om føretaka i verktøya Purehelp og Proff.

Færre kvinner på toppen

Ved å gå nærare inn på driftsinntekter byrja tala å gi eit litt anna bilde.  

– Me la på nokre filter rundt driftsinntekter, og då endra tala seg etter kvart drastisk.

Me såg at når driftsinntektene auka, gjekk kvinneandelen som både dagleg leiar og styreleiar ned, samstundes som snittalder gjekk opp på alle felt, legg Vårvik Matre til.

Likt som nasjonalt nivå

8. mars 2019 offentleggjorde Statistisk Sentralbyrå ein rapport der dei blant anna såg på antal kvinnelege toppleiarar i norske bedrifter. Berre 14 av dei 211 største bedriftene i Noreg er leia av kvinner. Dette gir ein kvinneandel på 6,6 prosent. Ser ein på samtlege 226 000 aksjeselskap i 2017 utgjorde kvinneandelen 16,2 prosent, i følgje ein artikkel i Nettavisen som tok føre seg statistikken. Desse tala samsvarar med kvinneandelen ein ser i lokale bedrifter i Etne og Vindafjord.

- Det må kunne seiast at det er positivt at det ikkje står dårlegare til i Etne og Vindafjord enn elles i landet. Sjølv om NRK Rogaland på lokalen 2. mars 2020 introduserte nokre fordommar om at Vindafjord var svært mannsdominert, fortel Vårvik Matre og viser til innslaget om kvinneveka med namnet Kvinnedag, Vingeslag og Arbeidslag (KVA).

- Og ja, tala viser at lokalt næringsliv er mannsdominert. Desto større, mektigare og synlegare bedrifter og roller, desto fleire menn. Der har nemleg NRK Rogaland heilt rett.

Mangfald gir verdi 

Ei bedrift med lite variasjon i bakgrunn og kompetanse blant personalet kan gå glipp av moglegheiter for både utvikling og inntening. I undersøkina "Diversity Matters" frå  2015 utført av McKinsey kjem det fram at bedrifter med både kvinnelege og mannlege tilsette  med variasjon i alder kan vise til 15 prosent betre lønsemd enn tilsvarande bedrifter.  

- Med eit større mangfald får ein betre og breiare diskusjonar som kan føre bedrifta vidare, fortel Vårvik Matre.

- Det kan vera særs viktig i ei tid som nå der me stadig ser endringar i bedrifter i form av for eksempel digitalisering og det grøne skiftet.

Ho viser til at det ikkje berre gjeld spørsmål om kjønn, men også alder og at det ligg mykje potensiale i å rekruttere med ein viss breidde.

- Haugalandet er ikkje stort, så me treng jo ikkje snevre inn potensielle arbeidstakarar meir enn nødvendig. Dei unge kjem med viktige perspektiv og kan spele ei vesentleg rolle når det kjem til forståing for digitalisering og automatisering.

Dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Asbjørn Moe, ser også nytta av eit breitt kompetansegrunnlag, og drar parallellar inn til både symfoniorkester og fotballag.

- I eit fotballag nyttar det ikkje å kun ha keeperar på banen. Då kjem ein ikkje i mål. Det same bildet kan ein bruke på eit symfoniorkester der alle spelar tuba, fortel han og legg til;

- Det ser ut til at dette er sjølvsagt på banen eller i orkesteret, men ikkje fult så lett å gjennomføre i praksis hjå bedriftene.

Bevisste val 

Vårvik Matre meiner auka lønsemd bør vera ein stor motivasjonsfaktor til å gjere noko med ståa, og oppmodar både bedrifter og privatpersonar til å stille seg spørsmåla rundt kva menneska og bedriftene bak tala kan gjera. 

- Me hadde eit håp om at statistikken ville kunne bekrefta eller avkrefta våre hypotesar om kjønnsfordeling og aldersfordeling i lokalt næringsliv. Og kanskje viktigast av alt, skapa litt bevisstgjering og ansvarleggjere menneska og bedriftene bak tala.


Under er ei oversikt over resultat basert på heile utvalet, samt gruppert etter 5, 20 og 100 millionar kroner i driftsinntekter. 



Registrerte daglege leiarar med driftsinntekt på minst 1 million

Antall bedrifter i utvalet:  357
Antall kvinnelege daglege leiarar 67 19%
Antall kvinnelege styreleiarar 51 14%
Snittalder dagleg leiar (uansett kjønn) 53.3
Snittalder styreleiar (uansett kjønn) 55
Snittalder styre 51.9


Registrerte daglege leiarar med driftsinntekt på minst 5 millionar

Antall bedrifter i utvalet:   209
Antall kvinnelege daglege leiarar   28 13%
Antall kvinnelege styreleiarar   18 9%
Snittalder daglege leiarar (uansett kjønn)     53.5
Snittalder styreleiarar (uansett kjønn)   55.8
Snittalder styre  52.1


Registrerte daglege leiarar med driftsinntekt på minst 20 millionar

Antall bedrifter i utvalet:    104
Antall kvinnelege daglege leiarar    12 12%
Antall kvinnelege styreleiarar    5 5%
Snittalder daglege leiarar (uansett kjønn)    54.7
Snittalder styreleiarar (uansett kjønn)  58
Snittalder styre  54.5


Registrerte daglege leiarar med driftsinntekt på minst 100 millionar

Antall bedrifter i utvalet:     31
Antall kvinnelege daglege leiarar     2 6%
Antall kvinnelege styreleiarar     0 0%
Snittalder daglege leiarar (uansett kjønn)     55.4
Snittalder styreleiarar (uansett kjønn)   59
Snittalder styre   54.7



Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details