Gründerpris for armering og sveis

Gründerprisen 2014 blei på Olalia overrekt til Terje Kristiansen i Utboja Armering og Sveis. Westcon blei kåra til årets lærebedrift og MCE i Etne blei Årets bedrift.


Utbjoa Armering og Sveis blei tildelt gründerprisen under Olalia-konferansen. Dagleg leiar og største eigar i bedrifta, Terje Kristiansen tok i mot prisen på 30 000 kroner. 

- Prisen kjem godt med no som me har investert i nye maskiner og byggjer nytt, seier Kristiansen, som ser lyst på framtida.

- Så lenge det trengst betong til vegbygging vil me fortsetja å utvikla oss. Me leverer både til Ølen Betong og Østraat, som begge er med på store vegprosjekt. Det blir nok å gjere både i samband med Rogfast, ny europaveg rundt Sørlandet og strekka mellom Solheimssletta i Skjold og Stordalen i Etne, trur Kristiansen, som elles i desse dagar tar eit nytt steg ved å investera i ny robotarm for pakking av armering, noko som vil  styrka effektiviteten i drifta.

Pris for lærlinginnsats 

Gunnlaug Habbestad i Westcon mottok prisen for Årets lærebedrift under næringslivskonferansen på Olalia. 

 - Lokalpatriotisme er viktigt, og det er alfa og omega å ta godt vare på ungdommane våre og kompetansen deira. Me ser at lærlingane våre snakkar Westcon-språket og forstår kulturen vår. Det er med desse at me klarer å byggja den kompetansen me treng i selskapet, seier Habbestad.  

Næringspris til Etne-bedrift 

MCE i Etne vann prisen som Årets bedrift. Styremedlem Lars Hovda takka på vegne av vinnaren. 

- I løpet av sine 14 år har MCE blitt ei kompleks bedrift, med utruleg dyktige tilsette som har tatt store, rette og viktige steg i løpet av den tida, sa styremedlem i MCE, Lars Hovda som takka for prisen på vegne av vinnarbedrifta, tildelt av juryformann Lars Olav Larsen, Haugesund Sparebank. 

- Det er kjekt å få ein slik pris og gode ord for det arbeidet me har gjort, seier dagleg leiar Asbjørn Aarekol i MCE.

- Me har jobba for å få produkta våre sertifiserte og skal gjennom arbeidet vårt vise at me lever opp til kundane sine forventningar om å få kvalitetsprodukt frå EMC. Denne prisen er med på å understreke akkurat dette, meiner Aarekol.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details