Pris til ildsjela 

Torsdag ettermiddag gjekk Arne Gunnar Habbestad på dugnad i den nye klubbhuset i Ølen. Som jurymedlem hadde han føreslått fleire gode kandidatar til  prisen Årets Ildsjel. Men etter det høyrte han ikkje meir om  kåringa. Før han sjølv fekk prisen torsdag kveld.

 - Eg var med i juryen, og sende inn mine forslag til kandidatar. Men eg fekk aldri innkalling til noko jurymøte. Så ramla plutseleg heile bataljonen inn med pris til med då eg var på dugnadsarbeid, smiler Habbestad. 

Han er vel eigentleg ikkje noko kontor-menneske, men er å finna bak pulten i Medvind Næringhage.  Foto: Jan Nordtveit

SR-stiftelsen deler ut  Årets Ildsjelpris i Sauda, Suldal og Vindafjord til engasjerte innbyggjarar som har gjort ein innsats for felleskapet, lag og organisasjonar. Prisen går til ein person som har og skaper engasjement rundt seg, og gir mykje tilbake til fellesskapet. 

  1.  Les portrettintervju med Arne Gunnar Habbestad her 
Dugnad og eigeninnsats er sentrale nøkkelord i kriteria for prisen. Og dette har vore eigenskapar prisvinnaren har hatt med seg i alle år, seier banksjef Magne Christiansen i Sparebanken 1 SR Bank

Arne «Dugnad» Habbestad 

- Dette er ikkje ein pris me deler ut for eitt års dugnadsinnsats. Arne Gunnar har gjort ein enorm jobb både for  Ølen og Ølensvåg, og lag og organisasjonar, mellom anna Ølen Idrettslag i ei årrekkje. Han er eit utprega ja-menneske som alltid stiller opp same kva han blir spurt om. Han stikk seg aldri fram og vil sjeldan ta æra for jobben, difor var det veldig kjekt å kunne gjera stas på han med denne prisen, seier Christiansen. 

Klubbhuset i Ølen, Westcon-banen, brukthandelen , pantebuene og styrearbeid i idrettslaget;  Habbestad har ein lang frivillighets-CV å visa til. 

Den siste tida er det først og fremst det nye klubbhuset i Ølen som har tatt opp mesteparten av dugnadstida. Svært takknemleg og overraska over prisen, vel Habbestad likevel å senda ei takk til  alle dei "usynlege" dugnadsjelene som står på, år ut og år inn. 

Gir pengane til klubbhuset

- Når ein er med på å byggja noko som eit klubbhus eller ein fotballbane, er det veldig synleg. Du byggjer noko som folk ser att, som er konkret og tydeleg i nærmiljøet. Men det er mange som har jobba like mykje som meg, og endå meir, men ofte i det stille. Tenk på alle trenarar til dømes, som i fleire tiår har trena lag fleire gonger i veka og stilt på kva einaste kamp. I mine auger er det ein større og viktigare jobb, og blant desse finnest det mange verdige vinnarar til ein slik pris, seier Habbestad, i kjent audmjuk stil. 

Prisen på 25 000 kroner var merka idrettslaget, og Habbestad har sjølv valt til kva føremål. Dermed går pengane til Klubbhuset. 

- Pengane skal gå til eit av prosjekta me arbeider med, og då er det naturleg at det er Klubbhuset som skal få nytte av dei, seier Habbestad.  

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details