Paul Fuglestein blir ny dagleg leiar i Øyane ASVO

Paul Fuglestein (52) er tilsett som dagleg leiar for Øyane ASVO frå 1. januar. - Han er ein dyktig seljar samstundes som han har veldig gode menneskelege kvalitetar, seier styreleiar Leif Grindheim.

Grindheim tok over som styreleiar i Øyane ASVO 2. august, og det første han tok fatt på var å finna ny dagleg leiar. Det var totalt 15 søkjarar til stillinga som har vore lyst ut i to rundar. 

- I første runde var det få som var kvalifiserte ut frå styret sine ønskjer. Det er ein del tilrettelagde arbeidsplassar ved Øyane ASVO, men basisproduktet for å kunna oppretthalda drifta er sal av vaskeritenester til mellom anna hotell, industri, helse og institusjonar, seier Grindheim. 

Han er svært godt nøgd med at Paul Fuglestein har takka ja til jobben. 

Brei erfaring

- Vi var på jakt etter ein person med brei erfaring frå næringslivet. Det har Fuglestein på mange områder. Han er også ein dyktig seljar, og har samstundes veldig gode menneskelege kvalitetar, seier Grindheim. 

Fuglestein følgjer ikke med på stillingsannonsar, men akkurat denne stillinga hadde han fått med seg. 

- Eg var i utgangspunktet ikkje på leit etter ny jobb, men dette var ein jobb eg kunne tenkt meg. No gler eg meg til å byrja og ta fatt på litt andre oppgåver enn det som er relatert til olje, gass og verft, seier Fuglestein. 

Han kjem frå stillinga som salssjef i Noreg for Nidab Produktion AB og dotterselskapet Helpman Norway AS. Selskapa leverer personell og tenester til olje- og gassektoren onshore og offshore. 

Spela på lag

- Dagleg leiar ved Øyane ASVO er ein annan type jobb, men eg skal framleis jobba med folk og vil kunna nytta erfaringar frå tidligare yrkesliv. Og alt dreier seg folk og å spela på lag. Eg ser fram til å bli kjend med dei tilsette og brukarane, pleia kundar og å få til god kommunikasjon og samarbeid med styret og eigarane. Etter kvart håper eg også å auka aktvitetsnivået, seier den påtroppande daglege leiaren. 

Fuglestein er opprinneleg VVS-rørlegger, og har allsidig erfaring som røyrleggjar, formann, innkjøpar, lageransvarlig, daglig leiar, industrivernleeiar og hovudtillitsvalgt. Han har mellom anna jobba for Westcon, AF Gruppen, Teknisk Bureau og Norwegian Contractors. 

Fuglestein kjem frå Erfjord, men har budd i Nedre Vats med sambuar og etter kvart tre born sidan 1992.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details