Pantebuene tar av - til både Jæren og Sørlandet

Pantebu-idèen frå Ølen har slått an hjå idrettslag langt utanfor kommunegrensene. Nå er det pantebuer på plass på Karmøy, Jæren og til og med på Sørlandet. Alle etter Ølen IL-modell.


Kvar veke blir flaskene frå pantebua sendt av garde til resirkulering. Det har gitt 150 000 pantekroner årleg til  Ølen idrettslag.  Christian Brataas,  Wioleta Lewandowska og Malwina Lewandowska tar vekas tømmedugnad. 

Etter at dei første pantebuene blei set opp i Ølen og Ølensvåg i 2011, har flaskepanten bidratt med 150 000 årleg til kroner til Ølen Idrettslag. Dei siste åra har ei rekkje andre lokale idrettslag i Vindafjord og Etne sett opp eigne buer i bygdane sine. 

Kvar veke blir stappfulle pantebuer tømde av idrettslagsmedlemmer. Flaskene blir sende av garde til Infinitum pantemottak, som gir pantepengane tilbake til idrettslaget. 

Og dette konseptet er det fleire som har tent på. 

Det er ikkje ratt sjeldan at pantebu-gründer Arne Gunnar Habbestad får telefonar frå idrettslag som vil ha «oppskrifta». 

- Det er mellom anna sett opp fleire pantebuer på Karmøy og Jørpeland, og det er ikkje så lenge sidan det ringde eit idrettslag frå Sørlandet, som lurte på kva som skulle til for å få sett opp ei. Så nå er det kome opp pantebuer heilt sør også, fortel Habbestad. 

Saman med Sigmund Lunde kom han på ideen etter at han overhøyrde nokon frustrera seg over alle flasker som hopa seg opp i heimen. 

- Det er visst mange som syter med pantejobben, og då er det jo jysla kjekt at heller vel å heller gi jobben - og pengane - til idrettslaget.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details