På teknotur til Åmsosen

Kommunalminister Jan Tore Sanner stakk innom teknologiklynga i Åmsosen på sin teknoturnê på Vestlandet onsdag. Der fekk han mellom anna sjå korleis Puma og Gucci handterer varelagera sine med Autostore.


Kva har Gucci, Lufthansa  og Jan Tore Sanner til felles? Alle har latt seg imponera av lagersystemet Autostore frå teknologiklynga i Vats. 

Medan Puma, XXL, Gucci og Luftahansa har tatt i bruk lagersystemet i fleire år, fekk Sanner for første gong sjå  korleis Autostore fungerer under rundturen hjå Hatteland-bedriftene i Åmsosen. 


– Skal me lukkast med å styrka verksemdene me har i dag og skapa nye arbeidsplassar må Noreg vera i front på teknologiutvikling og bruk av teknologi. No skal eg møta og læra av gode gründerane og innovatørane på Vestlandet, seier Sanner i ei pressemelding frå kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Onsdag ettermiddag tok Sanner turen til Arrow Norway, Hatteland, Hatteland Display og Autostore, under sin teknoturnè til  ei rekkje teknologibedrifter på Vestlandet. 

Tema for rundturen er bruken av teknologi, grûnderskap, sosialt entreprenørskap og omstilling. 

- Departementet har hatt eit stort fokus på teknologibedrifter, og det er viktig at folk som styrer landet får oppleva kva korleis bedriftene arbeider og kva dei faktisk betyr både når det gjeld aktiviteten lokalt så vel som det internasjonalt tilsnittet, meiner Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling som er blant initiativtakarane til besøket. 

- Også med tanke på det offentlege som brukar av teknologi vil mellom anna Arrow sitt samarbeid med Lyse rundt smarthus-teknologi vera av interesse, eit satsingsområde som er tett relatert til eldrebølga me har i vente, seier Moe. 




Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details