Ein typisk arbeidskvardag?
- Her er det nesten ingen like arbeidsdagar her på Imsland skule og barnehage. Det hender innimellom at eg må bruka ein dag framfor PC-en, men jobben er veldig variert. Ein dag er det møte i Ølen, så tilbake hit, møter med personalet, eg har også undervisning innimellom og ansvaret for barnehagen, for å nemna noko. At dagane er så forskjellige er det som gjer denne jobben så kjekk.
Kva er ditt «må ha» i arbeidskvardagen?
- PC og telefon. Vi er blitt heilt avhengig av teknologien. Og litt kaffi. Ein kopp på vegen frå Sauda og hit, og to-tre koppar til i løpet av dagen.
Kva karakteriserer din arbeidsplass?
- Humor, omsorg og at alle er romslege.
Kva er den mest spesielle dagen du hugsar på jobb?
- Det må vera då eg møtte personalet første gongen. Vi er 10, inkludert meg og dei tilsette i barnehagen. Dei hadde på seg parykkar og hattar og hadde dekka på med det gamle finserviset dekorert med blomar. Då tenkte eg at her kjem eg til å lika meg. Og det gjer eg verkeleg. Dei tilsette er flinke til å finna på sprell, og vi gjer ting i lag utanom arbeidsplassen gjennom heile året. Då blir ein også godt samansveisa og trygge på kvarandre. Det gir eit godt arbeidsmiljø og viser igjen på sjukefråværet. Siste periode var det 0,2 prosent, perioden før det 0.
Kva gjer du på når du har fri?
Strikkar, trenar og er ein del på hytta på Tjelme i Sauda. Eg likar også turar i fjellet både med og utan ski. Og så er det jo stas å vera i lag med barnebarna.