På heimekontor i vinterstova

PÅ HEIMEKONTOR: Det er mange variantar av heimekontor. Gyri Windsand i Ølen Betong har satt opp kontoret i vinterstova heime i Ølen.

Namn: Gyri Windsand

Bedrift: Ølen Betong

Stilling: Assisterande rekneskapsleiar

Kvifor jobbar du frå heimekontor?

Det kjennest mykje tryggare ut å ikkje vere ute blant folk nå i desse tider. Heldigvis har eg moglegheit til å jobba heimanfrå og nyttar meg av det.

Kvar jobbar du frå?

Eg sit heime. Kontoret er satt opp i vinterstova vår.

Korleis er det for deg å utføre arbeidet frå heimekontoret?

Det går stort sett greitt, eg får gjort oppgåvene eg skal her heima. Me har fordelt oss slik at me alltid har ein eller to på jobb til å ta i mot post, skrive ut ting eller andre oppgåver som ein må gjer på kontoret, og det har fungert fint til nå.

Beskriv ein typisk dag på heimekontor:

Det er mykje det same som på jobb. Sende faktura ut, ta betalingar, føre bank og liknande. Det er ein roleg periode på jobb akkurat nå i slutten av månaden, men neste veke kjem det til å bli travelt. Eg må kanskje snika meg tilbake til kontoret då.

Har du hatt nokre utfordringar med heimekontoret?

Nei, ikkje endå. Utfordringane kjem neste veke når me startar på ein ny månad. Det einaste nå er eigentleg at ein ikkje får snakka med kollegaer ansikt til ansikt.

Har du oppdaga nokre fordelar?

Det er fint å kunne sitte i vinterstova og arbeide. Det er ein roleg atmosfære i huset og det er ikkje så mykje inn og ut av huset.


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden

Rediger Content Item
On test
Aktuelt detaljer
/aktuelt-details